Eit forslag om dette er no ute til høyring mellom eigarane av selskapet. Det vil seie reiselivsverksemder og kommunar. Svarfristen er 30. september.

– Vi har byrja å få inn fråsegner, og det er fleire synspunkt på saka. Det som er viktig for oss å understreke, er at dette gjeld marknadsføringsspråket vårt, både på papirform og digitalt. Vidare er spørsmålet om målform noko som må sjåast i samanheng med føremålsparagrafen vår, der det heiter at selskapet skal skape auka trafikk til området og auka lønsemd, seier reiselivssjef Geir Steinar Vik i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre.

Ordførar Rune Hovde i Ørsta er styremedlem i DÅS. Han har ivra for at selskapet skulle endre målform til nynorsk. Og då har han også lønsemd i tankane.

– Som styremedlem er eg forplikta til å tenkje selskapet sitt beste, og eg ser ei endring av målform som naturleg og ønskjeleg. Det vil vere med på å gje selskapet ein konkurransefordel fordi vi skil oss ut. Alexandra i Loen har hatt stor suksess med å endre målform frå bokmål til nynorsk, seier Hovde.

Fram til 2009 nytta DÅS begge målformer, men frå 2010 har marknadsføringsspråket vore bokmål.

– Både Ørsta kommune og Nynorsk kultursentrum har teke opp saka i ettertid, men ho har lagt på vent grunna fusjonsforhandlingane selskapet har vore igjennom. No når fusjonsplanane er lagde vekk, var tida til å ta opp att saka om målform komen, seier Hovde.

– Det gler meg faktisk stort at også bokmålsbrukarar i organisasjonen er samde i at nynorsk kan vere den rette målforma å nytte, seier Hovde.

Det har vore ei problemstilling at bokmål eignar seg betre, i alle fall som språket på digitale plattformer, grunna søkjemotorane. Påstanden er at det vert fleire treff på DÅS sine sider om ein søkjer på bokmål.

– Men dette er ikkje dokumentert, og er noko av arbeider for å avkrefte eller stadfeste no, seier Vik.

Han fortel at prosessen om målform er open, og at det også kan verte ei delt løysing, bokmål digitalt og nynorsk på prent.

Ventar og ser: Reiselivssjef Geir Steinar Vik i DÅS ventar på høyringssvara.