Volda sau og geit ber om at det vert etablert eit fast skadefellingslag som skal stå klare viss det igjen nærmar seg ein ulv til Volda.

Det er Ola Steinsvik i Volda sau og geit som ber om dette.

Han viser til at det i sommar var ulv i grenseområda til Volda.

– Dette aktualiserer spørsmålet skadefellingslag. Det er kommunen sitt ansvar å ha eit slikt lag, noko kommunen ikkje har i dag, seier Steinsvik.-

Skadefellingslaget kan vere samansett av medlemmer frå fleire kommunar, meiner Steinsvik.

– Det bør vere medlemmer frå alle område slik at laget har breiast råd lokal terrengkunnskap, seier Steinsvik.

Samstundes ber Volda sau og geit om at kommunen skjerpar inn reglane for bandvatn for hundar.

Det er generell bandtvang i perioden 1. april til 20. august, men etter hundelova kan kommunen strekkje forbodet utover 20. august.

Steinsvik og Volda sau og geit meiner kommunen bør setje siste dato for generell bandtvang til 1. oktober, slik at sauebøndene kan få gjort unna sauesankinga.