Det er klart etter at eit samrøystes kommunestyre torsdag vedtok ein spenstig økonomiplan for dei fire neste åra.

Det handlar om ein ekspansiv plan der det er sett av 160 millionar kroner til fleirbrukshall. Det skal som kjent også byggjast ny skule på Vartdal, nytt reinseanlegg på Vikeøyrane, ny brannstasjon og nytt legesenter og omsorgsbustader. Og så skal det satsast mykje på skulane og å få dei pussa opp og rehabilitert.

Vartdal

I perioden 2016 og 2017 er både teknisk og økonomisk kapasitet bunden til Vartdal skule og ein fleirbrukshall. Men kommunen vil i åra etter setje av femten millionar kvart år til investeringar heilt til skulane står fram som gode nok for å gje barn og unge dei beste fysiske tilhøve for læring og meistring.

I eit endringsframlegg, presentert av ordførar Rune Hovde (H), som heile kommunestyret stilte seg bak, ber kommunestyret rådmannen neste år lage ei sak med ein brei gjennomgang av behovet for investeringar innan skulebygg. Saka skal innehalde grunngjevne framlegg til prioritering og leggjast fram til politisk handsaming i 2016. Både Dalane, Hovdebygda, Sæbø og Ørsta sentrum skal vere med i denne vurderinga.

Tomter

Elles var det berre flisespikkeri av endingar i høve rådmannen sitt framlegg til økonomiplan. Eit framlegg frå Arbeidarpartiet, der det vert bede om at administrasjonen i november legg fram ei sak om fleire byggjeklare tomter, vart også samrøystes vedteken.

Investeringane vil koste. Og eigedomsskatten vert verande også ut 2019, på to promille. Men ikkje alle likar dette. Odd Magne Vinjevoll (Frp) etterlyste ei meir offensiv jobbing for å sjå etter andre måtar å få inntekter på enn gjennom eigedomsskatt.

– Det må jobbast meir med kva som genererer inntekter til kommunen, sa Vinjevoll og nemnde nye bustadfelt og industriområde. Rådmann Wenche Solheim oppmoda politikarane om å sjå på kostnader og konsekvensar i ein heilskap. – Kommunen skal dei første åra låne 133 millionar kroner, det skal gjerast krevjande investeringar og det er mange behov som skal stettast. Investeringsprosjekta er nesten over grensa av det vi kan klare, sa rådmannen.

Stolt

Ordførar Rune Hovde sa han var stolt over det Ørsta kommune har fått til siste åra.

– Vi har styrt økonomien, og ikkje late oss styre , slik har det ikkje alltid vore. Heile kommunestyret skal ha æra for dette.

Ordføraren peika på at kommunen siste to åra har gått med overskot etter å ha vore limt fast i Robek i lang tid. No har kommunen handlingsrom igjen, og kan investere.

– Og no høyrer eg på bygda at vi politikarar har vorte som ungar i ein snopebutikk, men det er vi ikkje. Vi er og skal vere ansvarlege for utviklinga av Ørsta.

Det vart ein sakleg debatt i kommunestyret då politikarane er stort sett samde om det som skal gjerast. Men temperatur vart det då Inge Kolås slo fast at dei store investeringane inneber også at Ørsta vert slått saman med Ørsta. Jostein O. Mo (Ap) spratt opp frå stolen og lurte på korleis Kolås sin argumentasjon hang saman. – Dei mange millionane som skal nyttast i åra framover pliktar oss til mykje utgifter. Og då må Volda vere med oss, svarte Kolås.