Laurdag opna Ørsta kommune utstillinga over dei tjue forslaga i Europan-tevlinga om utforminga av Ørsta sentrum.

Utstillinga er i dei ledige forretningslokala i Vikegata 37 (Bomann-lokala), og der er rikeleg plass til å studere dei tjue framlegga.

Her kan folk sjå korleis unge arkitektar frå ymse stader i Europa tenkjer seg at eit norsk bygdesentrum kan utvikle seg.

– Alle bidraga vert presenterte med tre plakatar på kvart prosjekt, fortel avdelingsleiar Gunnar Wangen i planavdelinga i Ørsta kommune.

September

Utstillinga opnar laurdag føremiddag, og ho skal henge til og med 26. september. Opningsdagane vert torsdagar, fredagar og laurdagar.

– Målet vårt er at publikum skal få studere forslaga skikkeleg, og gjere seg opp ei meining. I prosessen vidare legg vi til rette for at folk skal få kome med synspunkt, seier Wangen.

Ordførar Rune Hovde vil stå føre den offisielle opninga av utstillinga, og med på opninga vert også gitaristen Stig Ulv.

– Vi synest det er fint å kunne vise forslaga for publikum. Det skaper engasjement for arkitektkonkurransen om utforminga av Ørsta sentrum for framtida, og utstillinga i seg sjølv er med på å skape liv og røre i Vikegata, seier Hovde.

Jury

Formelt sett er det ein eigen ekspertjury som vil avgjere kven som vert vinnaren av Europan-tevlinga for Ørsta sentrum. Juryen, som er samansett av internasjonalt respekterte arkitektar, kjem til Ørsta i slutten av september, og vil ha det fyrste jurymøtet den 30. september.

Frå 6. til 8. november vert det andre jurymøtet halde i hovudstaden i Slovakia, Bratislava. Og den 3. desember vert vinnaren av tevlinga kunngjort.

Innspel

Men det er ikkje slik at Ørsta kommune er forplikta til å gå vidare med berre vinnaren av konkurransen.

Undervegs i prosessen vil Ørsta kommune kome med sine innspel til juryen, og desse innspela er også basert på kva publikum meiner.

Til det fyrste jurymøtet i Ørsta skal kommunen kome med ei oppsummerande tilbakemelding om bidraga i tevlinga.

– I arbeidet med reguleringsplanen i etterkant av konkurransen vil vi byggje på fleire av desse forslaga, seier Hovde og Wangen.