Kristeleg folkeparti ynskjer alkoholforbod for kommunen sine tilsette og politikarar når dei representerer kommunen.

Men resten av kommunestyret meinte det fekk vere greitt med måtehald då kommunestyret diskuterte kommunen sine nye etiske retningsliner torsdag.

Etiske retningsliner

Dei etiske retningslinene er no reviderte, for dei har vore uendra sidan 1990-talet, og sidan då har det kome sosiale medium osb. som utfordrar korleis tilsette og politikarar skal gå fram i etiske spørsmål.

Tove Halse Digernes (Sp) sa seg glad for revisjonen, men viste til at kommune har hatt slike retningsliner i ei årrekkje:

– Utan at tilsette har visst om at dei har eksistert. Retningslinene skal vere med på å byggje respekt og godt omdøme, og då er spørsmålet korleis kommunen på best måte skal sikre at folkevalde og tilsette får informasjon om dette, sa Halse Digernes.

Ho fekk svar frå rådmannen, som vedgjekk at dei etiske retningslinene tidlegare ikkje har vore godt nok kommuniserte. Men no skal m.a. retningslinene vere med i politikaropplæringa etter valet.

Seksuelle tenester

I forslaget frå administrasjonen var der eit punkt om at kjøp av seksuelle tenester er forbode for kommune sine tilsette og folkevalde.

Levekårsutvalet rådde til at dette punktet vart fjerna.

– Det er fordi dette allereie er forbode i norsk lov, forklarte leiar i utvalet Sven Castberg (H).

Kommunestyret slutta seg til dette.

Mest debatt vart det om forholdet kommunen sine tilsette og folkevalde skal ha til bruk av alkohol når dei er ute og representerer kommunen.

– Det står i retningslinene at måtehald skal praktiserast. Kva tyder måtehald? Ni av ti kjenner nokon som har drukke for mykje, men berre fire av ti vedgår at dei kan ha drukke for mykje. Dette er eit utfordrande punkt. Eg ynskjer ei fastare formulering. Når nokon skal representere kommunen, må det vere utan bruk av alkohol. Då slepp ein gråsoner, sa varaordførar Paul Kristian Hovden, og la fram forslag om totalforbod mot bruk av alkohol under representasjon.

Glas vin

– Kristeleg Folkeparti skal ha ros for edruskapsarbeidet. Men i det praktiske er det nok at dei som representerer kommunen viser måtehald. Det er ikkje slik at vi skal gå rundt og passe på kvarandre, men vi kan ikkje påleggje folk ikkje å ta seg eit glas vin til maten. Det er ikkje råd å etterleve, sa ordførar Rune Hovde (H).