Det blir altså stadig meir ettertrakta å kome inn på sosionomutdanninga ved HVO. I år var det 135 primærsøkarar til studiet – dei som hadde det som sitt fyrsteval. Målt mot fjoråret er det ei auke på 24 prosent, då talet på primærsøkarar var 109.

– Høgare enn vi trudde

I åra før det har det vore ei jamn auke. Går ein tilbake til 2010 var det 59 primærsøkarar til utdanninga, noko som gjer at talet har stege med 130 prosent på fem år.

– Det er eit høgare tal i år en det vi trudde det kom til å bli, og det er vi sjølvsagt veldig glad for. Det er alltid knytt litt spenning til opptaket og det er vanskeleg å spå. Vi har ikkje kontroll på søkaråtferda og kva institusjonane som tilbyr den same utdanninga som oss gjer, seier Kjell Einar Dagfinrud,  kontorsjef for Avdeling for samfunnsfag og historie.

Normalt tek omlag 60 studentar til på sosionomutdanninga, og talet er noko høgare i år.Men med så mange søkarar som i år gjer det noko med kvalitetsstempelet til utdanninga, meiner Dagfinrud.

– Høg søking er gunstig for oss på alle måtar. Med tanke på dei kvalifikasjonane søkarane blir målt på, blir «golvet heva» for å kome inn. Den siste som vart tatt opp i år er vesentlig betre kvalifisert enn for tre-fire år sidan – ja også målt opp mot i fjor og året før.

Suksess med kampanjar

Sosionomutdanninga og barnevernspedagogutdanninga følgjer ein del av den same undervisinga – spesielt i det fyrste av tre år i bachelorgrada. På sistnemnde utdanning har søkartala vore jamt gode dei siste åra og i år hadde den 59 primærsøkarar.

– Dei to utdanningane har mange fellesfag. Det som hovudsakelig skil dei er praksisdelen og aktivitetsfaga. Det er ikkje sikkert at studentane som søker veit at dei er ganske like. Kanskje har dei ei oppfatning om at sosionomutdanninga er meir anvendelig og har eit breiare nedslagsfelt i yrkeslivet. Det kan vere ein grunn til at sosionom har fått så høge søkaratal, men eg veit det ikkje, seier Dagfinrud.

Sosionomutdanninga har i dei siste åra vore av dei utdanningane som har vorte marknadsført mest ved HVO. Det meiner Dagfinrud ein kan sjå resultat av no.

– Vi trur kampanjar i ulike medium har gitt oss ekstra merksemd. Det er gjort eit grundig arbeid av Kontor for samfunnskontakt som har utforma desse i samarbeid med oss. Vi trur at sånne kampanjar fungerer, viss ikkje hadde vi ikkje gjennomført dei.