Det meiner Ingrid Opedal, utgåande fylkestingsrepresentant for Sosialistisk Venstreparti (SV).

– Det er klart at kommunevalkampen er nærare på der folk er, medan fylket kan verke litt abstrakt og fjernt for mange, seier Opedal.

Ho tek ikkje attval på fylkestinget, men driv aktivt valkamp for fylkestopp Yvonne Wold.

– Eg har ikkje gitt meg heilt enno.

Ørsta vgs. og samferdsle

Søndag var Wold i Ørsta for å delta i klimadebatten i Ivar

Aasen-tunet. Samtidig fekk ho litt «vaksenopplæring» frå Opedal i viktige fylkessaker i Ørsta og Volda.

– Særleg vil eg trekke fram ny vidaregåande skule i Ørsta. Den gamle er i elendig stand. Vi fekk inn ein million kroner i planleggingsmidlar i denne økonomiplanperioden. Her gjorde SV ein skilnad.

Ørsta vgs. er prioritert øvst på investeringslista på Søre Sunnmøre, prosjekt i Ålesund og Molde står før i køen.

– No må vi halde oppe trykket, og få inn meir midlar i neste økonomiplan. Dette er også eit viktig prosjekt fordi det er knytt til fleirbrukshallen Ørsta kommune planlegg.

Ho nemner også fleire saker frå samferdslesektoren:

– Gang- og sykkelveg mellom Ørsta og Volda er ei viktig sak for oss. SV fekk inn eit tillegg til fylkeskommunen sitt innspel til Nasjonal Transportplan der vi bad om at samanhengande gang- og sykkelveg og undergang ved Ekset vart fullført som eit samanhengande prosjekt. I tillegg har eg vore ei slags vaktbikkje for Høgebrua mellom Ørsta og Sæbø. Den er altfor smal og farleg for mjuke trafikantar.

Nei til ferjefri E39

Opedal trekker fram den nye bussterminalen ved Garneskrysset i Ulstein som ein viktig siger.

– Her spelte vi ei aktiv rolle i startfasen, og no er det lagt til rette for eit betre kollektivtilbod mellom indre og ytre. No gjeld det å gjere tilbodet endå betre slik at fleire brukar det, og vi kan kompensere for noko av auken i privatbilismen.

SV ønskjer også å prioritere kollektivtilbod, ferjetilbod og utbetring av det eksisterande vegnettet framfor ferjefri E39.

– Den dagen vi har fått på plass rassikre vegar, gang- og sykkelvegar gul midtstripe, moderne ferjer og eit mykje betre kollektivtilbod kan vi byrje å tenke på å bygge bruer der det er fornuftig, seier ho.

Mistar to representantar

Denne perioden har Ørsta og Volda vore privilegerte med tre representantar på Fylkestinget: Ingrid Opedal, Petter Bjørdal (Ap) og Hans Olav Myklebust (Frp).

Verken Opedal eller Bjørdal tek ikkje attval. Det gjer Hans Olav Myklebust, og Volda-ordførar Arild Iversen (KrF) er nominert på nokolunde sikker plass.

– Vi skal jo sjølvsagt jobbe for heile fylket, men det er jo alltids slik at vi kjenner sakene i vårt eige nærområde best, seier Opedal.

Wold, som kjem frå Rauma, lovar å også følgje opp Søre Sunnmøre sine saker.

– Eg er oppteken av at fylket skal drive ein heilskapleg politikk, og tek med meg desse sakene inn på fylkestinget. Ingrid har gjort ein kjempejobb som ikkje blir enkel å følgje opp, men eg skal gjere mitt beste, seier ho.

– Trur du at de taper røyster til Miljøpartiet Dei Grøne?

– Eg trur folk ser vår politikk som meir heilskapleg. Miljøsaka er viktige, men det er også solidaritet og kampen for sosialismen. Eg trur vi kan ha to tankar i hovudet: Det raude og det grøne, seier Wold.