I løpet av eit par veker trur Jon Arne Steinsvik i Retura Søre Sunnmøre at ein er tilbake til ein normal situasjon.

Jon Arne Steinsvik, som driv med sal og transport i Retura Søre Sunnmøre – eit dotterselskap til VØR, forklarar situasjonen som oppstod i sommar med at Sverige dei siste åra har hatt milde vintrar og at forbrenningsanlegga i nabolandet hadde teke inn for mykje trevirke slik at lagra var fulle.

- I løpet av den siste månaden har det vorte køyrt 17 vogntog med kverna trevirke til svenske forbrenningsanlegg. Det utgjer 350 tonn, fortel Jon Arne Steinsvik.

Han medgir at Retura Søre Sunnmøre, som utfører jobben med å finne avtakarar til trevirket, tidlegare i sommar såg litt mørkt på situasjonen.

- Men heldigvis har det losna. No kan vi puste letta ut, seier han.

Retura Søre Sunnmøre nyttar meklarar til å ta seg av eksporten av trevirke. Det er også dei som ordnar med trailerer som kjem for å hente lasten.

Traileren som fredag vart laste opp med kverna trevirke, skal levere lasten til eit forbrenningsanlegg i Linköping i Östergötland.

Jon Arne Steinsvik forklarar at ein i hovudsak får inn trevirke frå hus og bygningar som vert rivne, frå bedrifter som sorterer ut trevirke og frå privatpersonar.

- I motsetnad til metall som går i pluss, er reknestykket for eksport av trevirke slik at det ein får betalt for varen hos svenske forbrenningsanlegg, ikkje dekkjer transportkostnadene. Derfor vert det ein kostnad for oss å få unna trevirket, forklarar Jon Arne Steinsvik.