Elling Kvistad (72) blar i ein perm der han har samla fleire titals sider med korrespondanse mellom han og Pasientreiser.

– Dei har eit tungrodd, vanskeleg og rigid system. Eg veit om fleire, i hovudsak eldre, som ikkje forstår seg på systemet, og som heller nyttar seg av familie og vener for å kome seg til og frå behandling, fortel Kvistad.

Han meiner systemet jobbar mot seg sjølv. Når han skal til Oslo på kontrollar er det Pasientreiser som skal bestille billetten.

– Hadde eg fått bestille sjølv hadde billetten vorte mykje billegare, fordi eg får honnørpris. Men når Pasientreiser bestiller må dei bestille ordinær billett. Det er på ingen måte samfunnsøkonomisk, seier han.

Han har heller ikkje høve til å vere att ein dag eller to i Oslo for å besøke slekt.

– Det er rett ned og rett opp. Vil eg vere att ein ekstra dag må eg betale returen sjølv. Dersom eg hadde kunne fylt buss hadde eg kunne vore att ein dag eller to, og i tillegg fått att pengane, for bussturar er det pasienten sjølv som må ordne.

Han fortel at han har fleire saker gåande med Pasientreiser. Det handlar mellom anna om tilbakebetaling av drosjeturar.

– Pasientreiser har registrert i sitt system at eg har teke drosje, men sidan eg ikkje har kvittering, får eg ikkje att pengane eg har lagt ut. Det er ikkje nødvendigvis snakk om store summar, men det handlar om prinsippet. Det har også skjedd at drosjene har fått betalt for turar eg ikkje har teke, men dei nektar å tru meg.

Han har tidlegare nytta seg mykje av sin eigen bil for å ta seg til og frå behandling i Ørsta, men sidan han ikkje får att pengar for å køyre privatbil, nyttar han seg heller av drosje.

– Det ville ha vore mykje billegare for Pasientreiser å betale meg tilbake for bruk av eigen bil. Eg er lei av å krangle. Eg vil samarbeide med dei, og ikkje vere i konflikt. Vi er plikta å reise på billegast mogleg måte, men slik systemet fungerer får vi ikkje lov til det. Eg kunne spart Pasientreiser for store summar i året, dersom eg fekk ordne med billettar og transport sjølv.

Kvistad er glad for at fleire den siste tida har gått ut og fortalt om korleis Pasientreiser fungerer, eller ikkje fungerer.

– Eg håper fleire oppdagar galskapen i dette systemet. Det fungerer ikkje. Å vere sjuk er ein ting, men i møte med eit slikt byråkrati vert ikkje ting akkurat betre.

– Kan ikkje kommentere enkeltsaker

Seksjonsleiar Jacob Devold i Pasientreiser Møre og Romsdal fortel at det er vanskeleg å svare konkret på sakene Møre-Nytt har teke opp den siste tida. Både Hildegunn Ose, Geir Høydalsvik, og no Elling Kvistad, har kome med krass kritikk av Pasientreiser.

– Min bodskap er at dersom folk har ting dei lurer på i samband med reisene sine, så må dei ta direkte kontakt med oss. Vi gjer vårt ytterste for å gi kvar enkelt pasient eit tilbod som er tilpassa deira behov, og behova er svært ulike. Difor skal vi vere uhyre forsiktige med å kommentere enkeltsaker. Det kan vere små nyansar som utgjer forskjellene på reisene mellom kvar enkelt pasient. Vi kan ikkje generalisere og seie at det som er greitt for ein pasient, vil vere greitt for andre. Ta kontakt, oppmodar han.