Bjørg Anita Aam og familien satsa millionar på sitt nye gardsbruk på Sporstøylen, berre for så å finne ut via Møre-Nytt at ein stor del av marka deira er vekkregulert til hestesportsanlegg. Møre-Nytt skreiv om familien i juni i år. No har Aam stilt ordførarkandidatane til veggs via nettenesta kandulove.smp.no.

– Kan du love å verne om landbruket og ta hestesportsanlegget på Sporstøylen ut av planen, og finne ein annan eigna plass i dialog med hesteinteressene og grunneigar? spør ho politikarane.

Og fleire har svart.

– Her gjorde eg og kommunestyret ein feil. Dette må vi sjå på igjen. Eg har høyrt berre misnøye med dette vedtaket blant dei hesteinteresserte, skriv Stein Aam (SP).

Bjørg Anita Aam, sambuaren og dei to sønene driv med både sau og hest på garden. Ho meiner at det er feil at hestesportsanlegget er lagt til deira eigedom, når dei i stor grad går motstraums og satsar på landbruket, der andre legg ned.

– No har eg også skrive brev til alle politikarar og landbrukssjefen for å prøve å få hestesportsanlegget vekk frå vår eigedom. Eg ønskjer eit hestesportsanlegg velkomen til Ørsta. Det trengst, men eg har til gode å høyre om dei som ønskjer å etablere det på Sporstøylen, seier ho.

Ho har også samla inn rundt 40 underskrifter frå nabolaget.

– Vi får god støtte i bygdefolket, seier Aam.

Også Frp seier at dei vil jobbe vidare for å finne nye løysingar for det etterlengta anlegget.

– Vi foreslo i handsaminga i kommunestyret å ta ut det tilrådde hestesportsanlegget frå arealplanen, men fekk ikkje fleirtal for det. Vi vil saman med hesteinteressene arbeide vidare for ein eigna stad for desse interessene, og som ikkje er i konflikt med dyrkamark, melder Odd Magne Vinjevoll til Bjørg Anita Aam.

Også Gunnar Knutsen (V) meiner at dei må kunne sjå på saka på nytt.

– Dersom det viser seg at vedtaket som er gjort er feil, både når det gjeld jordvern og interessene til hestesporten, må det kunne verte gjort eit nytt vedtak. Eg håper berre at det ikkje går nye tiår før arbeidet med å få realisert eit slikt anlegg for hestesporten kan starte opp.

Miljøpartiet De Grønne lovar også å sjå på saka.

– Vi har vern av matjord som ei av våre viktigaste saker, stadfestar Bjørn Helset.

Rune Hovde (H) er den einaste som er litt meir nøktern i sitt svar.

– Eg kan ikkje love å ta hestesportsanlegget ut av planen, men eg kan love å sjå på saka for å finne ut om vedtaket er feil, eller fatta på feil grunnlag.

Han trur at fleire av politikarkollegaene er litt for raske i vendinga når dei seier at dei vil gjere om på vedtaket.

– Planen vart vedteken etter ein lang prosess, så det er ingen automatikk i at vedtaket vert gjort om, sjølv om eg ser at mine konkurrentar seier «Ja, dei lovar», til spørsmålet ditt. Som politikarar har vi ansvar for å setje oss inn i sakene før vi gjer vedtak, og det må vi også gjere om vi skal endre vedtak, kommenterer Rune Hovde.

Ap, KrF og SV har ikkje svart på spørsmålet frå Bjørg Anita Aam.

Ho kryssar fingrane for at saka skal få ei løysing.

– Ved å ta dette arealet frå garden vil grunnlaget for å drive dette landbruket verte øydelagt. Vert ikkje mange nok landbruk lagt ned kvart år? spør ho.

Still dine spørsmål til lokalpolitikarane på kandulove.smp.no