Lokallagsleiar Per-Are Sørheim, Inger Merete Sandvik Sundnes og Jonas Bjørneset gjekk tysdag kveld rundt i Ørsta sentrumsområde og ringde på dører for å fortelje om Høgre sine ønske for lokalsamfunnet.

– Vi spør innbyggjarane om kva som opptek dei og kva som er viktige saker for dei når dei skal røyste. Elles oppmodar vi alle om at dei må nytte røysteretten sin.

– Innbyggjarane er i all hovudsak positive, og det kan verte lange pratar utanfor enkelte hus. Det er viktig for oss som politikarar å få ærlege tilbakemeldingar, seier Sørheim.

Dei har eit mål om å banke på kring 1000 dører.

– Men då må vi stå på dei neste dagane. Det vert også sendt ut postkort frå Høgre sentralt om at vi går rundt i området, så her kan dei som vil få prate med både ordførar og oss andre politikarar.

– Vi har ikkje målt effekten lokalt, til det har vi for lite erfaringsgrunnlag, men vi veit at dette gir resultat basert på nasjonale og utanlandske undersøkingar. Det er difor Høgre og Ap legg mykje ressursar i det.