I januar vart sunnmørsmannen dømt i Søre Sunnmøre tingrett til fengsel i fem år og ni månader for valdtekt av ei tolv år gammal jente og uanstendig åtferd mot ein annan elev. I tillegg vart han dømt til å betale 200.000 i erstatning. Mannen anka dommen til Frostating lagmannsrett med grunnlag i bevisbedømminga under skyldspørsmålet for alle tiltalepostar, og han framsette også krav om ny behandling av det sivile kravet.

I Frostating lagmannsrett vart læraren dømt skuldig for valdtekt av eit barn, og for å ha utvist seksuelt krenkande åtferd mot henne. Lagmannsretten la i skjerpande retning vekt på at jenta var 12 år då overgrepet skjedde, og understrekar at aldersforskjellen mellom jenta og mannen på 34 år gjer lovbrotet alvorleg. Retten ser det også som straffeskjerpande at mannen var lærar til jenta og at han grovt utnytta eit tillitsforhold. I dommen vert det understrekar at det ikkje er formildande omstende ved dei straffbare handlingane som mannen vart dømt for. Lagmannsrette sette straffa til fem år og fire månader i fengsel. Til frådrag i straffa kjem 26 dagar for varetektsfengsling.

I spørsmålet om erstatning meinte mannen at summer på 200.000 kroner var for høg. Retten påpeiker at jenta var eit barn i ein sårbar alder då overgrepet skjedde, og at det er ein risiko for seinskadar. Erstatningsbeløpet vart sett i 200.000 kroner.

Under tiltaleposten som gjaldt uanstendig åtferd mot ein elev vart mannen frikjent.