Dei siste tala frå Nav i Møre og Romsdal syner at det ved utgangen av august var 138 personar heilt utan arbeid i Ørsta.

Av desse var 77 menn og 61 kvinner.

Arbeidsløysa utgjer 2,5 prosent av dei arbeidsføre. Ved utgangen av august var det fire fleire ledige enn for ein månad sidan, og sytten fleire enn for eitt år sidan.

I Volda var det 93 personar heilt utan arbeid, og av desse var 56 menn og 37 kvinner.

Arbeidsløysa i Volda var på 2,0 prosent ved utgangen av månaden.

Gjennomsnittet i fylket er 2,9 prosent, og arbeidsløysetala i Ørsta og Volda ligg altså under dette gjennomsnittet.

På ytre Søre Sunnmøre er stoda annleis. Der aukar arbeidsløysa mykje.

I Ulstein er det ei arbeidsløyse på 3,4 prosent, og det har vorte 68 fleire arbeidsledige siste året. I Hareid kommune er det 4,1 prosent utan arbeid, og ein auke på 26 personar siste året. I Herøy det på eitt år vorte 45 fleire ledige, og arbeidsløysa er på 3,7 prosent. Landsgjennomsnittet er på 3,1 prosent.