Rundt klokka elleve fekk naudetatane melding om bilbrann på Eiksundbrua. Det var full fyr i ein limousin, og alle naudetatane rykte ut til staden. Sjåføren og dei sju passasjerane kom uskadd frå hendinga. Ifølgje eit vitne kom limousinen køyrande frå Ørsta, og bil kom seg så vidt ut av tunnelen. Bilbrannen vart sløkt, og Sunnmøre politidistrikt opplyser at brannårsaka ikkje er klarlagt og at etterforsking pågår.