– Det vil vere naturleg å sjå Ørstafjordkryssinga til Rjåneset og vidare Voldatunnelen til Rotset i Volda som ein pakke, seier Høydal og Hovden.

Dei peikar på at Ørsta sentrum har fått ein ny sjanse ved flytting av E39 ut av sentrum.

– Det gjer at ein kan planlegge utvikling, og deltakinga Europan 13 gir inspirasjon til både kreativite og nye tankar. Ei fjerning av sjølina som E39 skaper ein spennande sjøfront, samtidig vert ein litt låst før vegen er omlagt. Gjennomgangstrafikken må bort frå sentrumsområdet snarast mogleg, meiner Høydal og Hovden.

Uklart

Dei peikar på at det er noko uklart når Ørstafjordkryssinga vert realisert.

– Vegvesenet har opplyst at deira planarbeid startar om to år, sjølv om det i 2015 er avsett planleggingsmidlar i statsbudsjettet. Det er ønskjeleg at dette vert framskunda. Volda har kome noko lenger med tunnelplanlegging. Og dei har godkjent kommuneplan og arealplan, og reguleringsarbeidet er oppstarta i regi av Statens vegvesen. Voldatunnelen og Ørstafjordkryssinga høyrer saman. Ørsta Ap og Ørsta KrF er utolmodige i høve å få til dette, seier listekandidatane.

Alternativ

Sjølve kryssinga har to alternativ. Det er bru ved Lianeset eller undersjøisk tunnel under Raudøya.

– Med den erfaringa som undersjøiske tunnelar og ulykker har vist, er det vår oppfatning at ein bør ha kryssinga «opp i dagen». Dette vil planprosessen gå nærare inn på. Det er kjent at det vert forska på konstruksjonsmetodar av bruer, og at det kjem ein rapport mot slutten av året kring dette. Det skulle ikkje vere nødvendig for Ørsta å vente på den. Vi ønskjer framdrift no!

Høydal og Hovden minner at kommunestyra i Ørsta og Volda har likelydande vedtak kring dei to store samferdselsprosjekta.