Forprosjektet som skulle greie ut om dei ulike løysingane for å sikre Vallabøen mot snø- eller sørpeskred var klar i juni. Der er det skissert fire alternativ for rassikring.

Null-løysing

Dette alternativet betyr at dagens situasjon stort sett er uendra, men at kommunen på permanent basis aukar beredskapen med ein til to personar. Desse skal koordinere informasjon for å kunne varsle ei eventuell evakuering.

Rådmannen ser på dette alternativet som lite aktuelt å gå vidare med.

– Ei slik stilling vil mellom anna føre til eit stort opplevd ansvar for den einskilde, og ei feilvurdering kan gje store konsekvensar.

Fjerning av bygg

Fjerning av eksisterande bygg er også skissert opp som ei løysing. Denne løysinga ser rådmannen på som uaktuell. Det er snakk om 45 einebustader og 20 fleirbustader innanfor skredgrensa. Med full erstatning vil dette utgjere om lag 200 millionar kroner. I tillegg kjem store kostnader dersom Vikemarka skule må flyttast.

Støttesikring

Støttesikring i skredområdet er meint å halde tilbake snø slik at han ikkje vert sett i rørsle ved skredfare. Det kan vere snakk om enten stive stålkonstruksjonar eller snønett. For Vallahornet er det vurdert behov for ca. 5,3 km med støttesikring totalt, kostnadsrekna til mellom 85–112 millionar kroner.

Problemet er at dette sikrar berre mot snøskred og ikkje mot sørpeskred i Vikeelva. Det vil difor måtte kome ekstra ledevollar langs elva, noko som igjen kan medføre behov for riving av bustader i området.

Rådmannen rår til å ikkje gå vidare med dette alternativet på grunn av høge kostnader, i tillegg til at det vil vere ei visuell forureining.

Sikringsvoll

Dette alternativet vil vere å etablere ein fangvoll mot sørpeskred og mot tørt snøskred aust for Vikeelva. Estimert kostnad vil vere 30–55 millionar kroner. Ei slik sikring vil ha ein vesentleg redusert risiko for området, sjølv om restrisiko vil vere noko høgre enn for alternativet med full sikring.

– I kombinasjon med beredskap er dette truleg den beste løysinga reint samfunnsøkonomisk, vurderer rådmannen.

Den løysinga vil også staten finansiere med inntil 80 prosent. Altså vil tilskotet kunne utgjer om lag 24–44 millionar kroner. Eigedel på kommune/grunneigarar vil kunne ligge på mellom 6–11 millionar kroner.

NVE har tidlegare uttalt at Ørsta, som ein av dei mest rasutsette kommunane i Noreg, er prioritert for statlege tilskot til skredsikring.

Rådmannen rår kommunestyret til å be om at det vert sendt ein søknad om tilskot til NVE etter gjeldande regelverk, for å arbeide vidare med prosjektering av sikringsvoll.