I overkant av 300 personar hadde førehandsrøysta i Ørsta i går onsdag.

– Det er litt lite, så vi håper mange kjem og røystar dei neste dagane, seier Linda Hjelseth Hjelm ved servicekontoret på rådhuset. Kommunen er for tida på førehandsrøystingsturné. Dei har allereie vore på Ørstaheimen, Hjørundfjordheimen og Vartdal helsetun. Tysdag blir det høve til å førehandsrøyste på Urke.

– I tillegg skal vi ha ope her på rådhuset no på laurdag, så då blir det høve til å røyste for dei som ikkje har høve i arbeidstida. Førre fredag hadde vi kveldsope, og da var det ein god del som kom og røysta, seier Hjelm. Ho oppmodar folk om å kome og røyste så fort dei kan.

– Vi vil prøve å unngå at alle kjem siste dagen. Det er mykje betre for både oss og dei som skal røyste om det fordeler seg litt utover.