Halvårsrekneskapen for Fjord1 viser eit overskot på 31,1 millionar kroner. Til samanlikning hadde selskapet eit overskot for tilsvarande periode i 2014 på 16,9 millionar kroner.

Med eit halvårsresultat på 31,1 mill. kr i 2015 leverer Fjord1 eit resultat som, korrigert for salsgevinstar i 2014, er 40 mill. kr betre enn for tilsvarande periode for 2014.

- Den gode resultatframgangen skuldast mellom anna betre styring og inntening i kontraktane, fortel administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland.

Etter ei noko svak trafikkutvikling i juni månad viser dei neste sommarmånadene ein god vekst i trafikken samanlikna med 2014. Dei rekneskapsmessige resultata for juli viser også gode resultat. Fjord1 vil også ha auka aktivitet andre halvår gjennom bekstraproduksjon på viktige samband.

- I 2014 leverte Fjord1 eit overskot på 111,4 mill. kr. Fjord1 vil fortsetje den gode utviklinga i andre halvår i 2015. Med dei gode sommarmånadane som er lagde bak oss, forventar vi å kunne styre mot budsjettet som er vel 200 mill. kr i resultat før skatt på konsernnivå, seier administrerande direktør Dagfinn Neteland i ei pressemelding frå Fjord1.