Det skriv seksjonsleiar skule, Kirsti Øye Driveklepp i eit brev til FAU ved Sæbø skule. FAU klaga tidlegare i sommar på at dei får redusert skysstilbodet til elevane. Tidlegare har alle elevane hatt tilbod om skuleskyss på grunn av farleg skuleveg, men no er dette endra. Det same gjeld for skuleskyssen frå Sætrefeltet, som Møre-Nytt skreiv om laurdag. I dag er det berre 1.-4. klasse som har rett på skyss.

– Trafikk- og vegtilhøva for elevane på Sæbø har ikkje betra seg til det betre dei siste åra. Trafikken er like stor, og det er 80-sone på alle vegane som kommunen meiner skal brukast til skuleveg, skreiv FAU ved Sæbø skule til kommunen.

Alle elevane får vinterskyss på grunn av fonnfare, men mellom mars og november må dei bruke beina.

– I kommunen må vi så langt som råd prøve å ta vare på prinsippet om likebehandling. For mange av elevane våre er det slik at dei må gå medan andre tek bussen, svarar Øye Driveklepp.

Ho minner også om at forsking viser at fysisk aktivitet tidleg på dag er læringsfremjande.

FAU seier at ein konsekvens av kuttet i skuleskyssen, er at familiane som er råka av omlegginga, vil bruke eigne bilar til å køyre borna til skulen. Dermed vert det fleire bilar på vegen, når det samstundes går ein buss som borna kunne ha nytta.

– Dersom foreldre er villige til å køyre barnet sitt til skulen, kan dei kanskje heller kjøpe skysskort eller enkeltturar når dette trengst, foreslår Øye Driveklepp.

Ho fortel også at føresette som er særs urolege for skulevegen til barnet sitt kan søke om skyss grunna særleg farleg eller vanskeleg skuleveg. Då vil sakshandsamar kunne gjere enkeltvedtak ut frå ei vurdering av korleis skulevegen er for den einskilde elev.

FAU ønskjer at vedtaket om skyssreglementet vert gjort om, og at skyssordninga skal halde fram som tidlegare.

– Det er kommunestyret som må gjere om vedtaket. Inn til vidare er skuleskyssen sett i verk etter endringane i skyssreglementet, svarer Øye Driveklepp.