Ein time inn i årets hjortejakt felte Audun Vartdal ein bukk i måneskinet på Nordre Vartdal.

– Det var ei udramatisk jakt, men med måneskin ute så må du prøve å utnytte det. Eg var på plass i god tid før midnatt og rigga meg til. Eg har ein plass på Nordre Vartdal som eg kjenner godt og som har jakta frå i mange år. Då klokka var halv tolv kom det to bukkar inn på marka. Eg såg dei godt, men dei var ein halvtime for tidleg ute. Eg venta på at tida skulle gå slik at eg kunne vurdere å ta ein av dei, men eg lukkast ikkje og hjortane gjekk av marka kvart på tolv, seier Vartdal som har drive med hjortejakt i 20 år.

Lukkast

Sjansen til å felle årets første dyr skulle ikkje gå frå Vartdal, og då jakta offisielt starta ved midnatt kom ein ny bukk ut på marka.

– Ti på eitt kom ein bukk ruslande ut på marka. Då var det berre å legge seg i posisjon for å få eit skikkeleg skot. Eg lukkast då klokka var eitt.

– Vert å finne i manesjen

Vartdal er til dagleg busett i Ålesund, men brukar mykje tid saman med kona, som også jakta, på Nordre Vartdal om hausten.

– Eg er pensjonist, men jobbar framleis ein del. No er det litt unntakstilstand når det er jakt. Reglane som vi har her regulerer kor mange dyr du kan skyte. Fram til og med 15. oktober kan eg felle eit dyr som er vakse, i tillegg til ungdyr og kalvar. Kalvane er for små enno, så for min del er ei ungkolle eller ein spissbukk jaktbart i ein og ein halv månad framover.

– Er det godt å få felt første dyret så tidleg i jakta eller skulle du ønskje at det hadde teke litt lenger tid?

– Både og. Det er klart at du er der for å jakte, og ikkje berre sitte å sjå på. Sjansen eg fekk i natt med alle parameter for ideelle forhold oppfylt må nytta. Lufta går litt ut av deg når det er unnagjort. I utgangspunktet er det rikeleg med dyr i kvoten. Kona mi, som også jakta, har eit dyr att. Eg slaktar så eg nok å finne i manesjen.

Dyret som Vartdal felte var ikkje det einaste dyret som vart skote dei første jakttimane på Nordre Vartdal. I roda Lianeset til Rot vart totalt tre dyr felt natt til tysdag.