– Vi kan ikkje sjå at vi har fått spesifikk informasjon frå kommunen om at det har vore planar om å endre føremålet på nabotomta frå offentleg føremål til bustadføremål. Vi stiller spørsmål ved denne prosessen, skriv drift- og eigedomssjef i føretaket, Mona Aagaard-Nilsen i eit brev som mellom anna er stila til kommunen.

I Møre-Nytt torsdag stod det om legar og naboar som var skeptiske til å etablere eit nytt, stort bustadfelt så nært sjukehuset. Dei fryktar mellom anna at det kan skape problem for framtidig utviding/landingsløyve for helikopter. Helseføretaket støttar dette.

– Helikopter landar like ved det aktuelle bustadområdet. Helseføretaket sine erfaringar viser at etablering av bustader så nært inntil ein helikopterlandingsplass vil vere svært konfliktfylt. Både støy og lufttrykk vil vere særleg krevjande for bruken av utomhusareala i bustadområdet. Ved behov for nytt løyve til helikopterlandingsplass frå luftfartsstyresmaktene, fryktar helseføretaket at eit nytt bustadområde på nabotomta vil få negative konsekvensar for løyvet.

Også når det gjeld vegforholda stiller helseføretaket spørsmål. Dei etterlyser eventuelle trafikktryggingstiltak, og fortel at vegen gjennom området ikkje er dimensjonert for dagens trafikk, ei heller for auka trafikk til/frå eit nytt bustadområdet.

I helseføretaket sine bygg nærast det aktuelle bustadområdet er det i dag eit psykiatritilbod til barn og ungdom. Helseføretaket minner om at dette er ei svært sårbar pasientgruppe, og at det difor må verte vurdert om eit tilleggsareal til føretaket sin eigedom kan sikre nødvendig avstand og redusere eksponeringa av desse pasientane.

– Elles må vi nemne at utviding av tilbodet kan vere aktuelt. Dette vil aktualisere ytterlegare behov for areal rundt eksisterande bygningsmasse.

Helseføretaket krev også skikkeleg flaumsikring av elva i området.

– Vi deltek gjerne på eit møte med utbyggar så snart som mogleg, helsar Aagaard-Nilsen.