Den noko pussige koalisjonen vart synleg på nettenesta #Kandulove, eit samarbeid mellom Møre-Nytt, Sunnmørsposten og fleire andre aviser denne valkampen.

Ein volding spurte partia om dei kunne love å arbeide for at Volda framleis skal vere eigen kommune. Resultata viser

Det klaraste svaret kjem frå Jørgen Amdam, ordførarkandidat for Arbeidarpartiet i Volda:

– Vi er for samanslåing med Ørsta.

Dette står i kontrast til Ørsta Ap, som er skeptiske til samanslåingsplanane.

Senterpartiet seier ja

Også parti som er svært skeptisk til kommunereforma på stortingsnivå, seier ja til ei samanslåing mellom Volda og Ørsta.

– Mi personlege overtyding er at Volda og Ørsta i lag vil bli ein god kommune å bu i. Det er eitt folk, vi har i kommunesamanheng svært mykje med kvarandre å gjere. Om vi er like rause begge vegar, vil det gi eit godt resultat, seier Odd Harald Sundal, ordførarkandidat for Volda Senterparti.

Han presiserer at partiet sjølvsagt vil rette seg etter eit nei til samanslåing i folkerøystinga.

Sosialistisk Venstreparti er også positive.

– Eg trur det er naturleg at Volda og Ørsta slår seg saman til ein kommune. Det har eg også røysta for i kommunestyret. Volda SV vil likevel definitivt følge rådet vi får frå folkerøystinga. Vi pressa gjennom at vi skal ha folkerøysting før valet i haust, sjølv om Høgre, Frp og Ferjelista var skeptiske, seier Gunnar Strøm, førstekandidat for Volda SV.

Dermed er alle dei raudgrøne partia positive til samanslåinga. Det er sjølvsagt også Høgre.

– Vi meiner at vi både som kommune og region vil få raskare og betre utvikling, vekst og betre offentlege tenester som ei ny større kommune enn ved å halde fram åleine. Volda og Ørsta kan i saman bli ei svært attraktiv og effektiv ny kommune, seier ordførarkandidat Dan Bjørneset.

Meir lunkne

Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre gir meir avventande svar.

– I dag er det alt for mykje som er uavklart når det gjeld ei komande samanslåing. Skepsisen til storkommunar skuldast uavklarte spørsmål og ei redsle for at tenester skal bli dårlegare og demokratiet svekka. Det er derfor viktig at veljarane kan få eit oversiktleg svar på desse spørsmåla før ei folkeavrøysting, seier Frida Sortehaug i Volda Venstre.

Til samanlikning er Ørsta Venstre meir positive til ei samanslåing. Odd A. Folkestad (Frp) er samd med Sortehaug.

– Det må dokumenterast positive synergieffektar innan økonomi, tenesteyting, samferdsle. Lokaldemokratiet må ikkje svekkast, seier han.

Ordførar Arild Iversen (KrF) viser til at innbyggjarundersøkinga før sommaren viste fleirtal for samanslåing i begge kommunane, og at partiet hans vil følgje rådet i folkerøystinga.

Den tydelegaste skepsisen finn vi hos Raudt, partiet Dei Kristne og Miljøpartiet Dei Grøne (MDG).

– Vi trur ei kommunesamanslåing vil svekke demokratiet. Det blir truleg om lag like mange kommunestyrerepresentantar som no, men dei skal representere dobbelt så mange innbyggjarar. Det er sannsynleg at det vil gå utover utkantane, seier Gudrun Kløve Juuhl i Raudt.

Raudt og MDG seier dei vil rette seg etter resultatet i ei folkerøysting.

Still dine spørsmål til politikarane på kandulove.smp.no

<strong>Seier ja:</strong> Sjølv om Senterpartiet sentralt er kritiske til kommunereforma, seier Odd Harald Sundal i Volda Sp at han er positiv til ei samanslåing med Ørsta.