– Krav frå EU og nasjonale styresmakter om at mykje meir av avfallet i åra som kjem må vinnast att, gjer at avfallsbransjen på Sunnmøre søkjer samarbeid for å kunne løyse framtidige utfordringar, skriv Volda og Ørsta Reinhaldsverk IKS (VØR), Søre Sunnmøre Reinhaldsverk IKS (SSR) og Ålesundregionen interkommunale miljøselskap (ÅRIM) i ei felles pressemelding.

Kvar for seg er selskapa for små til å makte tunge løft i nye anlegg for avfallshandtering.

– Gjennom eit samarbeid vil ein i større grad også kunne dra vekslar på den kompetanse og erfaring som dei einskilde selskap har, heiter det.

Fredag var VØR, SSR, ÅRIM, Tafjord Kraftvarme og Ålesund kommune (Bingsa avfallsplass) samla på Sæbø for å drøfte kva område det vil vere naturleg å samarbeide om i framtida.

Det førre møtet mellom avfallsselskapa på Sunnmøre var for halvanna år sidan. Her byrja dei å snakke om samarbeid og felles løysingar. Dette vart seinare forankra i styre og representantskap i selskapa.

– Klarer vi ikkje vinne att meir av avfallet, kan verda i løpet av få år gå tom for viktige råvarer. Dette alvoret har gjort at EU og nasjonale styresmakter skjerpar krava om at vi må kaste mindre, bruke ting om att fleire gonger og i større grad vinne att råvarer som hamnar i avfallsdunken, heiter det i pressemeldinga.

På møtet på Sæbø orienterte dei daglege leiarane om sine selskap og kva dei ser på som framtidige utfordringar.

Knut Jørgen Bakkejord frå Trondheim kommune fortalde om det arbeidet som sju avfallsselskap i Midt-Norge har sett i gang med tanke på å få bygt eit felles anlegg for ettersortering av restavfall frå hushald (SESAM).