2. nestleiar i KrF, og medlem i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, Olaug Bollestad, var i Volda og Ørsta onsdag. Ho heldt appell både på sjukehuset og på Bakk-Ola-marka.

Over landssnittet

–All statistikk viser at både pårørande og pasientar er nøgde med Volda sjukehus. Sjukehuset ligg på topp i Møre og Romsdal, og ligg også langt over landssnittet. Då er det galskap å truge med nedlegging, seier Bollestad.

Ho meiner å vite kva ho snakkar om. Ho er utdanna anestesisjukepleiar, og har mellom anna vore leiar for eit stort akuttmottak.

– Kjellaren i huset må vere stabil. Og med kjellaren meiner eg at alle sjukehus må ha akuttmottak, og i det ligg det akuttmedisin, akuttkirurgi og føde- og barseltilbod. Nokre ting kan og skal du ikkje gjere på alle sjukehus. Vi treng spisskompetanse. Alle kan ikkje vere gode på alt, men kjellaren skal vere på plass. Så må vi heller sjå på kva huset skal innehalde elles.

Fokus på pasienten

Dette er innspel Olaug Bollestad også har lagt fram for helseminister Bent Høie. Til hausten skal regjeringa nemleg legge fram sin nasjonale helse- og sjukehusplan for Stortinget. Denne planen vil vere regjeringa sitt viktigaste verktøy for korleis sjukehusa og spesialhelsetenesta skal vere innretta framover.

Akutten i Volda har vore truga i fleire omgangar. Seinast i fjor, men ting vart sett på vent i påvente av den nasjonale planen. Olaug Bollestad er heilt klar på kva ho meiner.

– Vi må ha fokus på pasientane. Systemet skal vere til for pasientane, og ikkje omvendt. Er ulykka ute og det er lang veg til akuttmottaket, då kan mykje gå gale. Slike ting må vi diskutere. Eg ser også at de bur på ein stad med store naturutfordringar. Hadde Noreg vore eit flatt land kunne ting verte løyst på ein enklare måte. Men vi må sjå på realitetane her, seier ho engasjert.

Også grensene mellom helseføretaka interesserer henne.

– Det er feil om føretaksgrensene skal vere hardare enn Berlinmuren. Føretaksgrensene må ikkje vere til hinder for rett respons.

Ho oppmodar alle om å slå ring rundt Volda sjukehus.

– Sjukehuset trekk til seg kompetanse. Det gir ringverknader til kommunane rundt.

Primærhelsemelding

Men det kjem meir frå regjeringshald. Snart skal dei også legge fram primærhelsemeldinga. Denne skal seie noko om korleis Kommune-Noreg skal rigge seg for framtida når det gjeld dei helsetenestene dei tilbyr til dei som bur i kommunane.

– Vi får fleire eldre, men dei er friskare. Kan vi hjelpe fleire til å bu heime lenger? Førebygging er viktig, men vi må også ha eit system som gjer at dei som treng det får hjelp når dei treng det.

Bollestad fortel at eldre som bur på eldreheimar i snitt har sju ulike sjukdomar.

– Men dei har gjerne berre ein lege på deling desse stadene. Kan vi gjere dette betre? Kan vi dra inn kompetanse frå farmasøytar som kan seie noko om medisinen dei brukar? Dette utfordrar eg helseministeren på, seier Bollestad.

– Det handlar om kvardagen dykkar. Kva tilbod skal vi ha, og kva samfunn skal vi bygge. Og det er difor eg besøker dykk i dag. For å samle innspel og for å skape engasjement rundt desse viktige temaa.

<strong>Volda sjukehus:</strong> – Det er klart at Volda sjukehus skal ha akuttmottak, seier Olaug Bollestad, som er 2. nestleiar i KrF. Ho fortel at ho er ekstremt oppteken av lokalsjukehusa. Arkivfoto