Anja Sætre og leiar for grendelaget, Børge Sætre, har heile bygda i ryggen når dei seier dette. Torsdag møtte små og store opp på Sætre for å vise sin misnøye. I mai vedtok levekårsutvalet å stramme inn tilbodet om skuleskyss. 1.–4. klasse får gratis skyss, medan 5.–10. må betale om dei vil sitje på. Vinterstid har også elevane frå 1.–7. tilbod om skyss.

– Dette er ei rasfarleg strekning, og ikkje veit vi kva som gjer at ungdomsskuleelevane skal tole dette betre enn andre, sidan dei må gå, medan resten får sitje på bussen vinterstid, seier Anja Sætre.

Bygdefolket fortel om ein svært vanskeleg skuleveg.

– Her er smalt, dårleg med lys, ingen gangveg, 60-sone og stor trafikk. Vinterstid er vi heller ikkje prioritert når det gjeld brøyting. Vi vil gjerne ha svar på om politikarane har gjort nye vurderingar av strekninga sidan dei no plutseleg meiner at det er greitt for oss å sleppe laus ungane våre på eiga hand.

Dei minner om at det seinast i 2010 var ein 14 år gammal gut som vart hardt skadd i ei trafikkulykke då han var på veg til skulen på sykkel.

– Her manglar gangfelt, og ungane må krysse E39 4–5 gonger før dei kjem seg fram til skulane i sentrum. Vi skulle gjerne sett at politikarane prøvde å gå eller sykle denne strekninga i alle slags vêr- og føreforhold sjølve. Eventuelt bed vi dei om å fortelje kva rute ungane våre skal velje som dei vurderer som trygg, seier Børge Sætre.

Dei saknar også informasjon frå kommunen om at skyssreglane vart endra. Nesten ingen visste om det, og berre nokre få vart varsla via sms frå ein lærar, kvelden før skulestart.

– Det kostar å sende ungane med bussen. Og det er ikkje det at vi ikkje klarer å betale, men det svir ekstra når kommunen i si tid lovde at skuleskyssen ikkje skulle verte eit tema, då dei la ned Lystad skule. Dei må i det minste innføre nokre trafikktryggingstiltak før dei kuttar skyssen, meiner Anja Sætre.

Linda Karin Aarseth går i 7. klasse. Ho syklar gjerne til skulen, men fortel at det er ein krevjande veg å ta seg fram på.

– Når ferjekøen kjem frå Festøya er det heilt pyton, med mange bilar og store trailerar som suser forbi, fortel ho.

Sigbjørn Gramshaug Fonseca går i 4. klasse, og er sikra trygg skyss også dette skuleåret. Det er han glad for.

– Ja. For her er dårleg med sykkelvegar, og mange av bilane køyrer alt for fort!

<strong>Kjenner seg utrygge:</strong> Linda Aarseth må sykle eller gå til skulen. Sigbjørn Gramshaug Fonseca får ta bussen gratis dette skuleåret. Begge ønskjer seg ein tryggare skuleveg inn til sentrum.
<strong>Kjenner seg lurt:</strong> Leiar for grendelaget Børge Sætre, og Anja Sætre meiner kommunen lovde skuleskyss til ungane på Sætre då Lystad skule vart lagt ned. No er dei skuffa over kommunen.