Bjarne Kvalsvik og Torleiv Rogne er toppkandidatane for Uavhengig valliste for Sunnmøre, og begge har erfaring frå Fylkestinget.

– Vi har ofte vore på vippen og difor hatt ei unik moglegheit til å legge seriøst press i ulike saker. Vi kjenner Sunnmøre godt og den siste perioden på Fylkestinget har eg arbeidd med samferdsel og Torleiv med kultur, seier Kvalsvik.

Ifølgje Kvalsvik har ikkje Ørsta-politikarane fått til så mykje i fylkespolitikken dei siste åra.

– Innan samferdsel er gang- og sykkelvegar i Volda og Ørsta og kryssing av Ørstafjorden viktige saker å ta tak i ei vidstrakt kommune. I tillegg meiner eg at dei vidaregåande skulane i Ørsta og Herøy no står for tur for ei oppgradering.

Ifølgje Rogne er kultur nesten viktigare enn samferdsel.

– Det å skape opplevingar skaper og bulyst og tankeverksemd. Det vert no arbeida for å flytte Folkemusikkarkivet frå Volda til Nordmøre og det må vi sette ned foten for. I tillegg må musikkelevane ved Høgskulen i Volda framleis kunne nytte Ole Bull-akademiet.