I eit grunngjeve spørsmål til ordføraren bed han om svar på når administrasjonen vil få godkjent skiltplanen som må til for å få skilta på plass. Kommunestyret har vedteke at det skal setjast opp skilt med 40-sone frå krysset Engesetgeila-Klepp, og vidare 30-sone frå krysset Bjørkevegen/Kleppevegen og vidare oppover. Vedtaket vart gjort i januar 2014.

– Mange foreldre er engstelege og ønskjer at kommunen skal gjere meir for å gjere skulevegen tryggare, melder Flo.

Ordførar Arild Iversen (KrF) takkar for at Flo minner administrasjonen på vedtaket, og seier at trygg skuleveg for barn og unge skal ha høg prioritet.

Teknisk sektor vil no ta grep og vil lage skiltplan for området i løpet av kort tid.Deretter skal det vere gjennomgang og uttale frå politiet og oversending til Statens vegvesen for vedtak. Dei vil starte gjennomføring med innhenting av tilbod på/ bestilling av skilt, utstyr for skiltoppsett og oppsetjing m.m. i veke 36.

Ordføraren er tilfreds med at det no vert sett klare mål for gjennomføring av vedtaket, men gir uttrykk for at dette arbeidet har venta for lenge.