«Definer ulike metodar for å hindre brann i tunnel/redusere skadeomfang og fare for tap av liv ved brann i tunnel.»

Dette var oppgåva Vik Ørsta hadde til lærarstudentane som går andre året på grunnskuleutdanninga 5.–10. trinn ved Høgskulen i Volda. Studentane hadde 24 timar på seg til å klekke ut gode idear til dei fem lokale bedriftene som stilte som oppdragsgivarar.

– Ideen vår handlar om å utvikle ein brannsikker duk til å ha i tunneltaket. På den måten kan du hindre store skadar i tunnelen ved ein eventuell brann. Vi vil også ha rømmingsvegar fleire stader i tunnelen, der folk kan ta seg inn i ein parallell sidegang som fører ut til friluft, fortel studentane, som legg til at dei ikkje har vurdert det økonomiske.

– Vi la oss på ei litt idealistisk linje. Det har vore mange tunnelbrannar siste tida, så det er høgaktuelt, seier Petter Sandnes frå Vik Ørsta.

Han er imponert over kva studentane fekk til på berre 24 timar.

– Dette var meir ei samfunnsoppgåve enn det at dei skulle finne eit nytt produkt til oss. Vi er svært tekniske i vår produksjon, og kan vel ikkje vente at dei skal kunne utvikle noko for oss på berre 24 timar. Men ideane er gode, og absolutt verdt å tenke på, seier han.

Dei andre oppdragsgivarane var Høgskulen i Volda, Studenttinget i Volda, Ivar Aasen-tunet og Stiftelsen Helgatun.

Høgskulen i Volda er den einaste skulen som tilbyr gründercamp som ein del av studiet i grunnskulelærarutdanninga.

–Og det er viktig lærdom. Desse studentane skal ut i arbeidslivet i skulen der gründercamp er ein del av skuleplanen. Her får dei erfaring og kan vere ressurspersonar for elevane sine, seier seniorrådgjevar Bjørn Tafjord frå høgskulen.

Andreplass i campen gjekk til gruppa som kom med idear til Høgskulen i Volda om korleis studentar lettare skal få fatt i informasjon knytt til semesterstart. Tredjeplass gjekk til gruppa som kom med idear til Ivar Aasen-tunet om korleis få fleire studentar til å bruke tunet. Dei foreslo eit opplegg med juleverkstad for studentar.