– Om det er nokon som ikkje har plass, så er det berre å melde seg. Vi skal gi dei arbeid, seier Einar Holsvik.

Han er leiar i Bygg- og Anleggsgruppa (BA-gruppa) i Ørsta. I tillegg står han på 12.-plass på Høgre si liste ved kommunevalet.

– Ei utfordring

I førre veke gjekk rektor Roger A. Fylling ved Ørsta vidaregåande skule ut i Møre-Nytt og sa at det er ei utfordring å skaffe nok læreplassar til elevane ved skulen. Dette gjeld mellom anna dei som går bygg- og anleggsfag.

Sidan den gong har både Arbeidarpartiet og Høgre sine ordførarkandidatar sagt at dette er ei viktig sak å løfte fram.

Alle får plass

Holsvik meiner at situasjonen for lærlingane er langt betre enn det som er gitt inntrykk av.

– BA-gruppa har i samarbeid med skulen og andre aktørar drive eit målretta arbeid på dette området i fleire år. Vi driv både rekrutteringsarbeid og vi skaffar læreplassar, seier Holsvik.

BA-gruppa i Ørsta har i dag 72 medlemsbedrifter. I 2013 fekk dei på plass fem læreplassopsjonar i Ørsta. Dette talet vart auka til 10 i 2014 og til 20 i 2015.

– Vi har sett ein positiv auke i talet på søkjarar, og dermed har vi auka talet på læreplassar. Det er viktig at det ikkje blir skapt eit inntrykk av at dei som startar på bygg- og

anleggslinja ikkje får læreplass, for slik er det ikkje. Vi gir tilbod om plass til dei som vil ha det. Men vi må ta sjølvkritikk på at vi tydelegvis ikkje har vore tydelege nok når vi har kommunisert dette.

– Får lærlingane jobb etter enda læretid då?

– Ja, det er ein god arbeidsmarknad i bransjen. Særleg her i Ørsta, med ei rekkje stor husbyggjarar. Dei fleste har sikra seg oppdrag ut 2016, og utsiktene er gode. Vi kjem til å halde fram rekrutteringsarbeidet, seier Holsvik.

Ordførar Rune Hovde er glad for nyheita frå Holsvik.

– Ingenting er betre enn dette. Det føyer seg inn i rekkja av  gode nyheiter for Ørsta. Det er fantastisk at vi har ein byggjebransje i Ørsta som er på så høgt nivå, seier han og legg til:

– Eg meiner framleis at dette er eit døme på ei sak vi må setje over partipolitikken når vi no skal halde fram dette viktige arbeidet.