– Vi skal vere med å gjere Vikegata levande. Det gjer vi med å ha ein levande bank med lys i vindauga, seier konstituert banksjef Hallvard Bjørneseth i Sparebanken 1 Søre Sunnmøre.

Fredag var han med på opninga av den lokale sparebanken sine nye lokale i Vikegata.

Mange hadde møtt fram til opninga i lokala i Ørsta Torg, der styreleiar Oddvar Strand stod for den formelle snorklippinga.

Banken har samla aktivitetane sine på eitt plan i moderne lokale.

– Og dei er framtidsretta der også vi møter den digitale tidsalderen, seier banksjef for bedriftsmarknaden, Sigrun Heltne Vartdal.

Ho og dei andre i banken ynskjer kundane velkomne til dei nye lokala. Sjølv om stadig fleire oppgåver vert løyste via nettet, er fysisk kundekontakt viktig.

– Som til dømes ved viktige livshendingar, som kjøpet av det fyrste huset, seier Heltne Vartdal.

Banksjef for Ørsta-avdelinga, Bernt Østgaard, legg vekt på at dei nye lokala er framtidsretta, samstundes som dei indikerer tradisjon.

– Vi er framleis i Vikegata, der vi alltid har vore. Og vi har namnsett dei forskjellige møteromma våre etter tidlegare verksemder som har gjort Ørsta til ein industrikommune, seier Østgaard.