Hildegunn Ose er oppgidd etter ein heller trøblete tur til Trondheim.

– For det første gjeld det rutetilbodet. Vi er 140.000 menneske på Sunnmøre som høyrer til St. Olavs Hospital, og rutetilbodet nordover er nær sagt fråverande. At vi skal verte sett på som så lite viktige er tankevekkande, seier ho.

Etter legeundersøkingar fekk Hildegunn beskjed om at ho trengde ein operasjon i ryggen, og legen sa at ho kunne velje mellom Haukeland universitetssjukehus i Bergen eller St. Olavs Hospital i Trondheim.

– I min naivitet valde eg St. Olavs. Det er jo det som er vårt regionsjukehus, seier ho.

Pasientreiser vart kontakta for å ordne med transport. Ho reiste med bil til Vigra, deretter fly klokka ni om morgonen til Værnes, og med retur klokka 19 til Ålesund.

– Andre alternativ er der ikkje. Eg brukte heile dagen på ein femten minutts konsultasjon med legen. Og han fortalde meg ikkje noko eg ikkje veit frå før. Han såg på bilda mine som var tatt tidlegare og fortalde meg at eg måtte opererast. All ære til dei som jobbar der. Dei er dyktige, og vi treng dei, men det må vere ein enklare måte å ordne dette på, via telefon eller videokonferanse, meiner Hildegunn.

Men det var meir som plaga henne på turen. Hildegunn har vanskar med å gå langt på hardt underlag, og har også vanskar med å stå på grunn av store smerter. Ho vurderte det likevel slik at ho skulle klare seg utan rullestol på flyplassen.

– Men tilstanden min er ikkje statisk. Reisedagen var eg frykteleg dårleg, men eg tenkte at det å få seg ein rullestol på Værnes ikkje ville vere noko problem, sjølv om eg ikkje hadde bestilt dette gjennom Pasientreiser på førehand.

Men problem vart det. Ingen kunne hjelpe, og etter mykje strev fann ho seg ein rullestol på eiga hand og tok seg fram til taxistoppen.

– Det kan stå hundre rullestolar på Værnes for alt eg veit, men ingen kan ta i dei og hjelpe meg så lenge Pasientreiser ikkje har hatt eit ord med i laget. Slik oppfattar eg det. Det verkar heilt bak mål, vurderer Hildegunn.

Etter konsultasjonen på sjukehuset skulle Hildegunn tilbake til Værnes. Legen ordna med taxi, men klok av skade bad ho også kontordama om å kontakte Pasientreiser for å ordne med rullestol.

– Både eg og kontordama ringde i over 20 minutt, utan hell. Vi kom ikkje gjennom til Pasientreiser Møre og Romsdal. Pasientreiser Trøndelag kunne ikkje hjelpe meg, fordi eg ikkje høyrer til deira fylke.

Ho måtte reise til Værnes utan å vite kva som venta. Vel framme var ho sterkt påverka av smertene, og hadde store problem med å ta seg fram. Ho fekk kontakt med ei dame frå SAS, som velvillig hjelpte til med å finne rullestol og å trille henne til rett gate, der flyet skulle gå 2,5 timar seinare.

– Ho gjorde ein jobb som ho ikkje trengde å gjere. Eg veit ikkje kvar eg hadde hamna utan henne. Og vel tilbake til Vigra, der det faktisk venta ein rullestol på meg, stod det også att to timar i bil til Ørsta, med ein kranglete rygg.

Hildegunn opplevde turen som belastande.

– Ingen reiser til St. Olavs for fornøyelsen si skuld. Mange av dei som var på flyet denne dagen var ute i same ærend som meg. Når det vert ordna turar for folk som er sjuke, då må der også vere høgde for at ting skjer undervegs, og at behova kan endre seg etter at turen er bestilt. Eg fekk behov for rullestol, og det er nedverdigande å krype rundt og be om hjelp for noko så enkelt. Eg vert provosert over at det var umogleg å få tak i Pasientreiser. Det er ikkje slik det skal vere.

Ho presiserer at ho har hatt fleire reiser som har fungert godt.

– Men det er når ting oppstår undervegs at det skjer seg. Og når dei då i tillegg ikkje er moglege å få fatt i, då er ikkje dette greitt.

Hildegunn hadde valt annleis dersom ho hadde visst det ho veit i dag.

– Det går direktefly frå Hovden til Bergen. Eg hadde spart mange timar på den turen. Eg brukte ein heil dag på 15 minutt hos legen i Trondheim. Eg tenkjer at det hadde vore mykje enklare for meg å reise til Haukeland.

Hildegunn har snakka med Pasientreiser, men opplever at dei har ei arrogant haldning. Ho fekk inga forklaring eller orsaking frå dei.

– Eg meiner at dette må vere ei politisk sak. Det handlar om samferdsel og det handlar om helse. Skal vi bruke St. Olavs må det også gå an å kome seg fram og tilbake på ein skikkeleg måte. Og Pasientreiser skulle fått vere med som fluge på veggen for å sjå korleis ting fungerer, eller ikkje fungerer, i praksis.

LES SVARET FRÅ PASIENTREISER: – Det må ligge ei medisinsk vurdering bak