I høve friluftsåret 2015 inviterer seglforeiningar over heile landet til Seilingens dag, med mål om å fremme seglsporten.

Laurdag 22. august ønskjer også Ørsta Seilforening å arrangere Seilingens dag.

– Interesserte kan møte ved Ankerstova i småbåthamna, der det vil bli orientert om Ørsta Seilforening og om segling generelt – både regattasegling og tursegling. Deretter vil det vere høve for ein tur på sjøen, då foreininga vil stille opp med fem havseglarar med skipper og mannskap. Vi ønskjer at fleire skal oppleve gleda av å segle, og vi ønskjer å rekruttere fleire til seglsporten. Ikkje berre regattasegling, men også for deltaking på vore samlingar og fellesturar på fjorden, fortel initiativtakar Anders Steinnes og Bent Jan Nilsen.

– Vi håper at dei som har sett oss på fjorden under onsdagsregattaen, og sjølv har hatt lyst til å prøve seg i seglebåt; eller dei som har interesse eller tidlegare erfaring innan segling, tek turen til hamna denne laurdagen for ein hyggeleg og informativ tur på sjøen. For meir info om tidspunkt og kontaktpersonar, besøk heimesida vår: orstasf.no, oppmoda dei.