Kolås viser til brannen i Gudvangatunnelen nyleg, og fryktar tilsvarande brannar i loakale tunnelar.

– Vi treng ein øvingslokale med tanke på god beredskap. Eg meiner tida der inne til at kommunestyret tek initiativ til at dei gamle strynefjellstunnelane, når nye tunnelar vert byde, vert beredskapsbase og øvingsstad for tunnelar. Vestlandet har mange tunnelar, og trongen for ein stad å øve katastrofar er stor, vurderer Inge Kolås.

Han ser føre seg opplæring i samarbeid med store hotell i Nordfjord, der praktisk øving i tunnelane på Strynefjellet vert kombinert med teoretisk opplæring på konferansehotell. Også samarbeid med vidaregåande skular ser Kolås som aktuelt.

Bratte bakkar

– Vi har fleire store «tunge» samband med bratte bakkar som kan vere utsette for brann og katastrofar. Vi veit aldri kva tid neste brann kan oppstå, og då må ein vere best mogleg budd. Det hastar med etablering av eit kompetansesenter, vurderer Inge Kolås.