Svendsengarden og hageanlegget er regulert til bevaring og har status som eit kulturminne av regional verdi. Svendsengarden er også valt som kommunen sin tusenårsstad. Nyleg vart Røed-huset ved Svendsengarden rive. Det vesle firkanta murhuset har stått som ein sterk kontrast mot gamle Svendsengarden. No skal Statens vegvesen bygge ny busslomme der, men rivinga inneber også at det vil vere mogleg å utvikle hageanlegget til Svendsengarden.

Skisseprosjekt

Det ønskjer Ørsta kommune. Dei søkjer no om 405.000 kroner frå Møre og Romsdal fylkeskommune for å finansiere utviklinga av hagen. Frå før ligg det føre eit skisseprosjekt som viser amfi og utescene som ei mogleg løysing for innhald i Svendsenhagen. I tillegg er det planar om gangråser og meir planter.

I neste fase ønskjer kommunen å utforske dette konseptet vidare og samanlikne med andre konsept med vekt på kunstnerisk og estetisk verdi. Alt skal skje i nær dialog med Statens vegvesen. Og val av konsept og utforming av busslomme/Røed-tomta/Svendsenhagen skal skje gjennom politisk handsamling i formannskapet.

Auka kvalitet

– Målet med dette prosjektet er å auke kvaliteten i eit av dei mest sentrale gateromma i Ørsta sentrum, og skape ein attraktiv møteplass og arena for opplevingar, skildrar Gro Anita Bårdseth frå planavdelinga i søknaden.

Busslomma som Statens vegvesen skal bygge skal erstatte busshaldeplassen ved dagens stopp ved Haldeplassen/Anders Aarsæter-gata. Etter planen skal busslomma stå klar i løpet av neste år.

– Ein god og tett dialog med vegvesenet er ein føresetnad, særleg med tanke på at omsynet til Svendsengarden som kulturminne vert vareteke, og at busslomma og Svendsengarden står fram som ein god heilskap, seier Bårdseth, som trur utviklinga av Svendsenhagen kan få fleire positive effektar.

– Kvalitetar i gateromma vert lettare synlege og tilgjengelege. Det vert lagt til rette for meir aktivitet. Dette vil stimulere til auka interesse for etablering og investering i sentrumseigedomane, og fokus på byutvikling og urbane kvalitetar.

Totalt har prosjektet ei kostnadsramme på 810.000 kroner.