– Ørsta er ein prioritert kommune for oss. Det er fint å kome hit og sjå og vise fram kva vi har brukt makta vi vann for fire år sidan til, sa Erna Solberg til Møre-Nytt under besøket i Ørsta onsdag ettermiddag.

– Og de vil gjerne beholde makta?

– Veldig gjerne. Vi har ein veldig god ordførar. Eg reknar ikkje med at alle eg trefte på Amfi var heilt gilde i saka, men mange sa iallfall at dei var nøgde med Rune, smilte Solberg.

Statsministeren starta Ørsta-besøket med ein spasertur gjennom Vikegata, over Halvtor Hovden-plassen og gjennom Amfi. Ordførar Rune Hovde orienterte om både arkitektkonkurransen Europan, som Ørsta deltek i, og om dugnaden som har pågått i Ørsta sentrum sidan i vår.

Utanfor kjøpesenteret stod ho på stand i ein halvtime. Mange hadde møtt opp for å ta opp sine hjartesaker med statsministeren og - sjølvsagt - for å ta selfie-bilde.

Sjå bildeserie frå statsministerbesøket i karusellen over.

Statsministeren besøkte også heimen til Berta Ølnes Finnes. Ho har vore med i eit kommunalt program der ho budde heime i staden for på sjukeheim etter at ho braut lårbeinet, og fortalde villeg om erfaringa si. Møre-Nytt skreiv om Berta si oppleving i mai i år.

Følgjet med statsministeren og eit rikt utval lokale Høgre-politikarar reiste deretter vidare til Ørsta rådhus, der Solberg delte ut fagbrev til nyutdanna helsearbeidarar. Besøket blir avslutta med kveldsmat heime hos Rune Hovde, før Erna tek kveldsflyet frå Hovden tilbake til Oslo.

Ørsta var det siste punktet på Møre og Romsdal-turneen til statsministeren. Tidlegare i dag har ho besøkt Molde og Ålesund.

Ålesund, Molde og Ørsta er dei tre største kommunane i Møre og Romsdal der Høgre har ordførarmakt i dag, ei makt dei nok meir enn gjerne vil halde på.