Særleg Ørsta har fått fleire arbeidsledige siste tida. I Ørsta er det 76 menn og 58 kvinner som er heilt utan arbeid. Det utgjer 2,4 prosent av arbeidsstokken, og er ein auke på 13 personar berre på den siste månaden.

I Volda er det 61 menn og 34 kvinner som er utan arbeid, noko som svarar til 2,1 prosent av arbeidsstokken. Dette er ein auke på tre personar den siste månaden.

Fylket

Arbeidsløysa det siste året har auka med heile 18 prosent i Møre og Romsdal, noko som er ein god del meir enn dei sju prosentane som er auka i heile landet. I 2015 er det 3.814 personar heilt utan arbeid i fylket, noko som er 2,7 prosent av arbeidsstokken.

I landet er det 85.362 heilt ledige. Dette er 3,1 prosent av arbeidsstokken, og er ein auke på 7,2 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Det siste året er det auke i arbeidsløysa innan dei fleste yrkesgruppene. Unntaket er helse, pleie og omsorg. Klart størst auke i prosent har vi blant dei som har yrkesbakgrunn innan ingeniør- og IKT-fag. Denne yrkesgruppa har over dobbelt så mange ledige no som for eit år sidan.