Salet av elsyklar er aukande. Sportsforretningar har stort tru på at det vil halde fram.

Det vart rista på hovudet av pessimistane då elsykkelen kom til bygda. Det er juks med motor på ein sykkel. Vitsen blir vekke, seier dei.

Dette ser ikkje ut til å stemme. Heller tvert i mot. For salet av elsyklar i sportsbutikkane har hatt ein god auke, og det ser ut til at salet berre vil gå betre og betre.

– Mange har nytte av elsyklar, konstaterar sportsforretningane.

Aukande sal

– Vi har selt fleire i år enn i fjor, og eg er sikker på dei vil verte endå meir i vinden med tida, meiner Kristoffer Valseth ved Sport 1.

Det har dagleg leiar ved G-Sport, Kenneth Nydal også stor tru på.

– Salet har vore svært bra, vi har hatt ein trippel auke frå i fjor. Syklane er heilt klart komne for å bli, slår han fast.

– Elsyklar har vorte kjempepopulære i Europa. Eg var nyleg på ferie i Italia, og der hadde nesten tredjekvar syklist elsykkel, fortsett han.

Hjelp på vegen

Sykkelen ser ved første augekast ut som ein vanleg tråsykkel. Men elsyklar er utstyrte med ein elektromotor og batteri, som heng på ulike stadar på dei ulike modellane. Lyden frå motoren er nesten lydlaus. Men å ha ein elsykkel betyr ikkje at ein slepp å gjere noko sjølv. For elektromotoren aktiverast berre når ein trakkar på pedalane. Kor mykje hjelp syklisten vil ha av hjelpemotoren kan stillast etter ønske og behov.

– Kva er fordelane med elsykkel framfor vanleg tråsykkel?

– Mange synest det er tungt å sykle, og med denne vert det mykje enklare. Det vert spesielt lettare å sykle oppover. Den er for eksempel heilt ypparleg for barnefamiliar som i staden for å kjøpe seg ein ekstra bil, kjøper elsykkel, forklarar Kristoffer Valseth.

– Elsykkel vert selt til mange ulike kundegrupper. Men til eldre spesielt, som då kjem seg lettare på tur. Den er også perfekt for dei som pendlar til jobb, eller for dei som bur høgt oppe i bakkane. Så er ein ikkje avhengig av å gå i dusjen når ein kjem heim, seier Kenneth Nydal.

Elsyklar er ikkje billege, men siste tida har billegare modellar kome på marknaden. Likevel meiner både Valseth og Nydal at det er verdt å betale for skikkeleg kvalitet.