Det har vore fleire båttjuveri på Sunnmøre den siste tida.

Mellom anna vart ein rib-båt stolen i Sula førre helg, men denne vart funnen att i Volda.

Fredag kveld fekk politiet melding om nok eit båttjuveri. Denne gongen i Borgundfjorden. Ein båt av merket "Lasse" er stolen. Båten er gul, 13 fot og har ein 10hk Mercury-motor.

Samstudens med tjuveriet vart det sett att ein annan båt (bildet), som politiet no etterlyser eigaren av.