Ordførar Rune Hovde er overraska over at fleire av ordførarkandidatane i Ørsta er så negative til resultatet av tingingar for kommunesamanslåing, slik han hevdar.

– Eg er noko overraska over at fleire av mine konkurrentar til ordførarvervet allereie på førehand er så klart negative til resultatet av tingingane. Kva veit dei som ikkje eg veit om korleis resultatet blir? Det kan ikkje bli ein ny kommune utan at både ørstingar og voldingar er nøgde med avtalen, minner Hovde om.

Han gjer det klart at etter valet må den som vert ordførar vere med å kjempe for innbyggjarane sine interesser i samtalar og tingingar med Volda.

– Er vi for ”flinke” og får ein god avtale for oss, seier voldingane nei, og er dei for flinke, så seier vi nei. Så enkelt og så vanskeleg er det. Eg vil difor gå inn i desse tingingane med eit ønske om å få til ei god avtale som skal gjere Ørsta/Volda til ein enno betre plass å bu i for innbyggjarane. Vi skal vere rause, og vi skal forvente at den andre parten er raus tilbake. Vi skal vere tydelege på kva som er viktig for oss, og vi må forvente at dei er tydelege tilbake. Mi tru er at Ørsta og Volda til saman har kvalitetar som vi kvar for oss ikkje får brukt godt nok, og at dette er moglegheita vi har til å forløyse desse, forklarar ordføraren.

Han svarar slik på kritikken av innbyggjarundersøkinga:

Tolkast

– Ei slik undersøking vil alltid kunne tolkast og vurderast. Denne undersøkinga er gjennomført på ein profesjonell måte av eit leiande byrå og er såleis det beste og mest truverdige biletet vi kunne få av stemninga då den vart gjennomført. At enkelte er kritiske til spørsmåla eller kreative i si tolking av resultata, må vi berre leve med. Eg reknar med at ingen når det kjem til stykket på alvor ønskjer å stoppe ein prosess som så mange ser ut til å ønskje før folket får sagt sitt i folkerøystinga til våren. Eg kjem i alle fall ikkje til å foreslå det, seier Hovde.

Oppdrag

Rune Hovde viser til at Ørsta kommunestyre til liks med alle andre kommunestyra i landet har fått i oppdrag frå Stortinget å greie ut korleis vi ser føre oss framtida vår.

– Dette betyr at vi skal vurdere om vi meiner at våre innbyggjarar er best tente med å halde fram som eigen kommune eller om vi bør finne ut om vi saman med ein eller fleire av naboane våre kan skape ein ny kommune som vi trur samla sett vil gi betre og meir like tenester til innbyggjarar og næringsliv. Saka har vore handsama i kommunestyret ved fleire høve allereie. Vi har vedteke ein tidsplan der våren 2016 er slutten på arbeidet fram mot at eit val skal gjerast. I første omgang la vi vekt på å planlegge prosessen slik at alle, uansett korleis saka ender, kan seie at vi gjorde eit val som byggjer på mest mogleg korrekt informasjon om kva dei forskjellige alternativa vil bety for innbyggjarane.

Alternativ

Ordføraren viser til at kommunestyret vedtok å sjå nærare på fleire alternativ.

– Dette var alt frå at kommunen skal halde fram utan å slå seg saman med andre til å vurdere ein ny storkommune frå Stryn, via Ørsta og Ulstein og ut til Vågsøy og Selje. Utetter våren vart det likevel klart at mange av desse alternativa ikkje var realistiske då ein eller fleire av dei aktuelle kommunane ikkje ville vere med. Det såg då ut som at dei aktuelle alternativa var å halde fram som eigen kommune eller å slå seg saman med Volda. Kommunestyret vedtok difor samrøystes før sommaren å arbeide vidare med å klarlegge konsekvensane av dette betre, slik at vi, når vi kjem fram til våren 2016, kan leggje fram eit forslag til avtale som underlag til ei folkerøysting.

Hovde viser til at for å vere sikker på at ein ikkje var på kollisjonskurs med folkemeininga, vart det også vedteke å gjennomføre ei innbyggjarundersøking.

– Målet med den var først å fremst å finne ut om innbyggjarane var samde i at Volda i så tilfelle var ”rett spor” å arbeide etter. Dessutan var det også interessant å gjennomføre ei ”temperaturmåling” for å sjå kor mykje denne saka engasjerte folk flest, og også kva innbyggjarane i dag meiner om saka.

– Svara vi fekk var klare og ikkje overraskande: Eit stort fleirtal meiner at om vi skal slå oss saman med nokon så er Volda den aktuelle kandidaten no. Kommunestyret gjorde difor eit rett val når dei ville gå vidare med å greie ut konsekvensane av ei slik samanslåing. Vidare synte undersøkinga at eit fleirtal av dei som hadde gjort seg opp ei meining meiner at vi bør lage ein ny kommune saman med andre, medan eit ganske så stort mindretal ønskjer å halde fram åleine.

Ordføraren meiner det difor e rett å halde fram arbeidet, og å legge fram eit forslag til ein ny kommune fram for folkeavrøystinga neste å før kommunestyret til slutt gjer vedtak.

– Målet må då vere at både konsekvensane av å halde fram åleine og konsekvensane av å lage ein ny kommune saman med Volda vert vurderte når valet skal takast. Resultatet av folkerøystinga neste år blir ei godt råd viss vi på ein god måte får fram konsekvensane av det viktige valet vi no skal gjere, seier Rune Hovde.