Ja, du las rett: denne driftige 44-åringen har ståltru på at dei sommargrøne attelegene i bakkane på Viddal snart skal vere dekorerte av frodige vinrankar, fylte av kvitgule, saftige vindruer, som i tradisjonelle vindistrikt.

– Eg har ledd litt av meg sjølv og ideen om vindyrking her. Men etter kvart som ideen har vakse har eg no verkeleg tru på at eg skal få det til!

Haula

Kledeleg blid serverer Nina Viddal kaffi og lefser i føremiddagssola som yppar seg over åsnakken og garden Haula, nesten øvst på Viddal. I mars tok Nina med seg pikkpakk frå husværet i Mauseidvåg og opna døra til ein ny heim, ein ny kvardag og nye utfordringar nesten utanfor allfarveg i Viddal der det bur tolv personar, rett ved Bjørke og Leira. På Viddal skal ho vere, for her høyrer ho heime, kjenner Nina, som i oppveksten ofte sette seg på bussen og reiste på besøk til farmor. I bygda har ho alltid likt seg, og større kjærleik til ein liten stad som Viddal kan barnebarnet hennar knapt kjenne.

– Eg har alltid hatt ei dragning hit. Då borna var små var det uaktuelt å flytte. Men no når dei er vaksne har tanken om flytting til Viddal forsterka seg. Så ein dag bestemte eg meg, og hoppa i det, og er særs tilfreds over at eg fekk kjøpe denne flotte garden. Også ungane er veldig glade for dette, det er viktig for meg at dei også føler seg heime her, reflekterer Nina, som ikkje har sett snurten av bygdedyret og som har vorte teken imot med opne armar av bygdefolk og andre.

Oppvaksen

Nina Viddal sin far, Svein Viddal, er oppvaksen på garden som tel 561 mål, og som i tillegg til eit nyrestaurert våningshus inneheld stabbur, vedhus og ei stor løe. Garden var i drift fram til 2003 då onkelen til Nina, som dreiv garden, omkom. Garden har ikkje vore i drift sidan. Men no kostar Nina støv av traktoren og brettar opp ermane for nye tider. Men ikkje tradisjonell gardsdrift. Det handlar altså om boblevatn, musserande vin i ulike variantar på den staden der graset vekst raskast av alle stader i Hjørundfjorden. Slikt lovar godt.

Hotell

I dag jobbar Nina Viddal som marknadskoordinator i Næringsforenigen Ålesundregionen, og har heimekontor. Men mesteparten av yrkeslivet hennar har handla om arbeid i hotell- og restaurantbransjen. Bakgrunnen er allsidig: Nina har vore alt frå barista til restauranteigar og servitør. Og vin er noko av det som fascinerer dama som har etablert firmaet Fjordbobler Viddal med økonomisk støtte frå Innovasjon Norge og eit klart ja frå Ørsta kommune for konseptet.

I motsetnad til produksjon av raudvin, som krev varmt klima, krevst det kaldt klima for den musserande produksjonen, og Viddal skal vere godt eigna. Det meiner også ein av dei store produsentane av musserande vin i England, Stephen Skelton, som er hyra inn som konsulent for Nina sitt konsept. Skelton har fleire vingardar i Tenterden i Kent, og er eit betydeleg namn i vinverda. I sommar besøkte Nina Skelton i England, og i september tek han turen til Viddal for å setje seg meir inn i dei spenstige planane på vingarden Haula.

Tid

Det tek tid å få kvalitetsvin av klasse på flasker. Til våren startar plantinga av eit femten til tjue mål stort areal i bakkane. Seinare skal arealet utvidast. Vinrankane skal bestillast frå Tyskland og Frankrike. Vindyrkaren satsar på fleire typar kvite vindruer, og når druene skal haustast godt utpå hausten neste år startar den vidare prosessen mot ferdig vin i løa som skal byggjast om. Der leikar Nina seg også med tanken om ein gardsbutikk med vinsmaking viss regelverket tillèt det. God vin handlar om langsame prosessar og først om tre års tid reknar vindyrkaren med at ho kan sprette den første flaska og sende eigenprodusert vin ut på marknaden, også utanlands. Målet hennar er å skape ein heilårsarbeidsplass for seg sjølv og ein tilsett.

– Eg har gjennom livet teke mange utfordringar og sjansar, slikt triggar meg. For meg er det rein luksus å vere her og utvikle min eigen vingard, utan å føle verken einsemd eller lengt til det urbane.