Det seier tidlegare Ørsta-ordførar Sigbjørn Kvistad. Han var nyleg i heimbygda på ferie, og opplevde eit yrande folkeliv i Ørsta si gågate, men det er gjerne unntaket meir enn regelen.

– Det var flott vêr og mange boder i gata. Det trekkjer folk. Men skal Vikegata verte ein verkeleg attraksjon må der kome eit tak.

Bodø

Kvistad viser til handlegata i Bodø som i 1992 fekk tak over seg for å verne dei handlande mot vêr og vind. Det har vorte ein suksess som i dag ber namnet Glasshuset. Det fungerer ikkje som eit tradisjonelt kjøpesenter, men glaset gir ei beskyttande atmosfære rundt gågata.

– Eg har vore der sjølv og sett. Det syd av liv og røre under taket. Der er vêrforholda sjølvsagt enno verre enn i Ørsta, men dei har fått til noko fantastisk unikt. For å setje det litt på spissen, så er der ikkje så veldig mykje anna enn Vikegata som gjer Ørsta til noko anna enn kva som helst slags annan bygdeby som vi kan samanlikne oss med. Vikegata er og bør vere eit satsingsområde for å få til eit verkeleg flott miljø i Ørsta.

Troika

Kvistad veit at det ikkje er nye tankar han kjem med. Tak over gågata har vorte snakka om ved fleire høve.

– Dette var nok like aktuelt for både 20 og 25 år sidan, men ting stoppar opp, og eg veit ikkje kva det er som gjer det. Det må vere ein troika av kommune, grunneigarar og næringsdrivande som gjer dette saman, skal noko skje. Eg vil oppmode dei politiske partia om å meine noko om dette.

Kvistad trur at om Ørsta får ei overbygd gågate, så vil dette verte ein attraksjon i seg sjølv.

– Og då ser eg vekk frå naturen vi har rundt oss. Men kva anna er tiltrekkjande med Ørsta? Vi har kjøpesenter med kafear og butikkar. Og det skal få vere der, men dette handlar om noko meir. Folk er ute etter opplevingar, og det kan dei få i ei slik gate. Eit kjøpesenter er ikkje unikt. Alle bygder har eit kjøpesenter. Ein verkeleg attraksjon vil vere å skape eit unikt miljø i Vikegata, der folk kan gå i alt slags vêr.

Pengar

Ørsta sin tidlegare ordførar har merka seg at ting er i ferd med å verte betre i sentrum.

– Det er veldig bra det som har skjedd med sentrumsdugnaden og opprusting av forskjellige bygg som har vore til forfalls. Det er kjekt å kome heim.

Men det er mogleg å få til mykje meir, berre viljen er til stades, trur Kvistad.

– Problemet er sjølvsagt pengar.

Han har registrert at det er ei pågåande arkitektkonkurranse i bygda, der arkitektar frå heile Europa er med på å teikne Ørsta for framtida. Vikegata er ein del av dette prosjektet. Resultatet kjem i løpet av hausten.

– Men slik eg har forstått det ligg det ikkje pengar i denne konkurransen. Og teikningar skaper ikkje aktivitet i seg sjølv. Eit tak over Vikegata bør kunne kome på plass, uavhengig av resultatet frå denne konkurransen.

Med tak over gågata vil mykje vere gjort, trur Kvistad.

– Det må vere eit lågterskeltilbod der folk kan få tilbod om å låne enkle boder for å selje eigne produkt, i tillegg til at vi har forretningar der. Det viser seg gong på gong at der det skjer noko, vil det skje enno meir. Aktivitet avlar aktivitet. Det er heilt sikkert. Vikegata er ei flott gate, men det er ikkje så hyggjeleg å gå der i stygt vêr og blest.