Like over klokka 23 tysdag kveld fekk politiet melding om brann i ein garasje i Ørsta sentrum.

Garasjen stod like inntil eit hus, men brannvesenet fekk avgrensa brannen, mellom anna med hjelp av røykdykkarar.

Dei fekk raskt kontroll, og kunne sende heim det meste av mannskapet etter ein drøy halvtime.