– Bru over Voldsfjorden er fullt ut realiserbart. Prosjektet vil kunne stå på eigne bein økonomisk.

Det seier ordførarkandidat for Frp i Volda, Odd A. Folkestad. Han hevdar at det aller mest handlar om viljen til å få det til.

– Ferjestrekninga er ein del av eit riksvegsamband. Det har stortinget bestemt, sjølv om Kvivsvegen er valt til stamveg. I mai sa det same stortinget at nye bruer som erstattar ferjesamband kan få ferjeavløysingsmidlar i 40 år, etter visse reglar. I tillegg kan det verte tatt ein brubillett i ei avgrensa periode. Alt tyder på at prosjektet kan fullfinansierast utan løyvingar frå fylkeskommunen.

Vegvesen-proppa

No vil Folkestad eit steg vidare.

– Og då ventar vi nok på at ei handlekraftig politisk leiing i samferdselsdepartementet skal endre eksisterande rutine for realisering av nye bruprosjekt. Det er nesten avgjerande for å få fart på bygginga av alle samanliknbare bruprosjekt i norske fjordar.

Folkestad meiner nemleg at Statens vegvesen sin bruseksjon er den store «proppa».

– Det må vere marknaden som bestemmer kva slags brutype som bør verte bygd i eit samband. Ikkje som i dag, at vegvesenet førehandsprosjekterer eigne konsept og idear. Rolla til vegvesenet er i dag særs uklar.

Folkestad meiner dette er like meiningslaust som at oljedirektoratet skulle ha drive med omfattande eigenprosjektering på plattformer i Nordsjøen.

– Der dei har høve til å setje urimelege krav til konkurrerande konsept på privat side. Det er utenkjeleg!

Selskap

Neste grep for Volda kommune vil no vere å stifte selskapet «Voldsfjordkryssing» meiner Odd A. Folkestad.

– Og dette selskapet må få høve til å gjennomføre ei open anbodsinnbyding heilt frå konseptstadiet, basert på opne funksjonskrav.

Av tekniske løysingar minner han om at Noreg ligg i verdstoppen når det gjeld spisskompetanse på utvikling av flytande riggar rundt om på havområde, nær sagt over heile verda.

– Og sjølvsagt kan denne teknologien verte nytta til bygging av flytande bruer i norske fjordar som har langt mindre tekniske utfordringar enn ute i Nordsjøen.

Viktig

– Eg trur at utbygginga av ein effektiv samferdsel på mange måtar vil vere avgjerande for samfunnsutviklinga vidare. Voldsfjordbrua vil utvide regionen vår vesentleg sørover mot Eid, Gloppen, Vågsøy og Selje. Får vi også på plass ei bru over Dalsfjorden med tunnel vidare til Vanylven, vil også dette området få ei effektiv og god ferjefri samferdselsløysing både mot Austlandet, Bergen og Ørsta/Volda.