Mange har kanskje fått med seg at Rune sida før jul for alvor tok tak i si eiga helse, og nærast totalt byrja å leggje om livsstilen.

Innsatsen om å ete sunnare, og alle timane han har brukt på spinningsykkelen eller på turar i skog og mark har gitt enorme resultat. På under ni månader har han gått ned i underkant av 50 kg, og helsegevinstane dette har gitt er mange.

I kveld vil han i samband med sin eigen vektreduksjon vere gjest hos God Sommer Norge. Det Rune veit om kveldens intervju er at hans eiga historie vil bli diskutert i lys av ei britisk forsking som hevdar at tilbakefallet for dei som har gått ned i vekt er enormt stort. Han vil fortelje om korleis han motiverer seg sjølv for å ikkje sprekke.

Spent

– Eg sa ja til å vere gjest mest på grunn av at eg er interessert i å vise at det er mogleg. Eg har funne ei glede av å vere aktiv med trim, og det vil vere ein bonus om eg kan inspirere andre til å gjere det same, fortel Sæbønes.

LES OGSÅ: Vekta må ned - og forma må opp

LES OGSÅ: Turen går til Atlanteren

LES OGSÅ: Rune går fjelltur for ei god sak