Noregscruiset starta i Hønefoss 2. juli, og endar i Trondheim 6. august. Til saman skal dei legge bak seg 7.600 kilometer.

- Og i dag passerte vi 6.000 kilometer då vi kom til Ørsta, fortalde dei cruisande amcar-entusiastane då dei rigga til show ved Fjordtorget søndag ettermiddag.

Etter planen skulle "dørene opnast" klokka 18, men folk strøymde til i timar før arrangementet starta. Det gode vêret får mykje av skulda for det.

- Det er kjempegreier. Vi hadde flaks som fekk dette arrangementet. Eg trur dei har merka seg at vi i Ørsta og Volda har eit levande amcar-miljø, og at dette er ein måte å seie at dei er nøgde med arbeidet vårt, trur lokal amcarklubbformann, Frode Haukeberg.

I tillegg til dei mange bilane som køyrer Noreg rundt i sine amerikanske bilar, kom det også svært mange lokale bilar til utstillinga.

Ei ekstra perle var Kong Olav sin 1951 Cadillac Fleetwood 75 Limousine. BIlen fekk mykje merksemd, naturleg nok. AMCAR Norge har brukt 18 månader og 1 million kroner på å restaurere bilen. Dei henta han heim frå USA, der han var i eige hos Vesterheim Norwegian-American Museum dei siste 24 åra.