– Gjensidige har spurt båtfolket om deira forståing av sjøkart. Sjølv om mange svarer at dette kan dei, er vi mest uroa over alle dei som ikkje kan lese og forstå eit sjøkart, seier Arne Voll som er informasjonssjef i Gjensidige.

I Møre og Romsdal svarer så mange som 1 av 3 båteigarar (34 prosent) at dei har ei svært dårleg forståing av sjøkart, mens 65 prosent meiner dei les sjøkart svært godt eller ganske godt.

– Det er Ipsos MMI som har gjennomført undersøkinga. Den gir eit bilete av at det er mykje uvisse blant mange av dei som fører båt, seier Voll.

Menn meiner at dei har betre kunnskap enn kvinner.

– Stol ikkje berre på at elektroniske hjelpemiddel som kartplotter, GPS og autopilot alltid fungerer, åtvarar Voll. Han meiner det er svært viktig å ha ei backup med papirkart og kompass i båten og kunne å bruke desse.

Det er også viktig å sjå ut av vindauget for å sjekke om kartet faktisk stemmer overeins med sjølandskapet.

Voll ber alle sjekke ”datostemplinga” på karta.

– Elektroniske kart oppdaterast oftare, mens papirkart oppdaterast kvart år. Det tilrådast på det sterkaste å nytte oppdaterte kart, avsluttar han.