7. mai 2014 vart Avinor pålagt av Luftfartstilsynet å fjerne vegetasjon mellom E-39 og Indrehovdevegen grunna høgderestriksjonar ved Ørsta-Volda lufthamn Hovden. Avinor inngjekk avtalar med fleire grunneigarar om fjerning av vegetasjon mot erstatning i det aktuelle området. I avtalen som vart inngått gav grunneigarane Avinor rett til å utføre det nødvendige arbeidet med fjerning av vegetasjon, men vederlaget skulle fastsettast i skjønn ved Søre Sunnmøre tingrett. Det vart ført forhandlingar mellom Avinor og dei sju grunneigarane, men dei lukkast ikkje å kome fram til ein avtale om erstatning. Hovudspørsmålet i avtaleskjønnet i Søre Sunnmøre tingrett var om det skulle avgrensast til fastsetting av vederlag for tap av vegetasjon eller om det kunne utvidast til å omfatte grunneigarane sine tapte utbyggingsmoglegheiter.

2,50 kroner per m²

Retten si vurdering var at vederlaget skal bygge på det avtalte inngrepet, og ikkje restriksjonane som av følgje av heile reguleringsplanen for området med plankart og bestemmingar. Retten konkluderte med at gjenstand for skjønnet er vederlag for påståande vegetasjon/virke og tapt framtidig skogbruksproduksjon. Retten kan ikkje sjå at avtalen som Avinor og grunneigarane har inngått opnar for vederlag utover det som følgjer av vederlagslova og rettspraksis til denne lova.

– Sjølv om grunneigarane «varslar» krav om erstatning for tapte utbyggingsmoglegheiter må likevel kravet bli behandla i samsvar til gjeldande lover og rettspraksis, heiter det i retten si vurdering.

Kvar av dei sju grunneigarane fekk fastsett erstatninga til 2,50 kroner per m², og fekk ikkje tildelt erstatning for tapte utbyggingsmoglegheiter. Advokat Bjørn Kristian Hove, som var advokat for seks av grunneigarane, fremja krav om at saksøkar Avinor dekte grunneigarane sine utgifter til juridisk bistand og utgifter i samband med skjønnssaka. Det samla kravet var på 154.460 kroner. Dette vart lagt fram for Avinor som ikkje hadde merknader. Avinor måtte og dekke dei lovbestemte utgiftene med skjønnet.

Skjønnet vart avsagt etter fristen i tvistelova grunna ferieavvikling og tett handsaming av andre saker er det opplyst om i dommen.