15.- og 16. november 2013 kom det store nedbørsmengder, og grunna flaum vart det omfattande skade på elveførebygging, opphoping og flytting av masse, i tillegg til ein del skade på dyrkamark i Bondalen. Lensmannsskjønnet frå 2014 takserte skadane til 1,6 millionar kroner. Det vart påpeikt at skadeoppretting måtte utførast i samråd med NVE for å sikre at elva ikkje skulle gå over sine breidder seinare. Det var anslått at 22.500 m³ med oppsamla grus og steinmassar måtte fjernast langs Bondalselva. Lensmannskjønnet fastsette at det vart etablert lagring på tilstøytande stader langs elva, og at maskinelt arbeid var nødvending for plastring av skadde punkt langs elveløpet. Skjønnet hadde heller ikkje teke inn kostnader for massekjøp.

Ikkje tilfredsstillande

Statens naturskadefond ved Landbruksdirektoret fremja overskjønn, og meinte at lensmannskjønnet ikkje tilfredsstilte krava til innhald og grunngjeving av naturskadeskjønn som følger av naturskadelova og forskrift om taksering av naturskadeskjønn. Naturskadefondet meinte at det var sakshandsamingsfeil, og dei meinte at rettanvendelsen i lensmannsskjønnet var feil då det ikkje vurderte grensa mot sikring og om gjenoppretting var mogleg i naturskadelova sin forstand.

Halde oppe verdien

Bondalen Elveeigarlag BA meinte at det ikkje var grunnlag for å hevde at rettsanvendelsen i lensmannskjønnet var feil i forhold til gjeldande rett, og at skadane ved flaumen reint faktisk kunne gjenopprettast. Dei meinte og at kostnadane til gjenoppretting ikkje stod i eit urimeleg forhold til det som vart søkt oppnådd, å halde oppe dei råka eigedomane sin verdi.

Søre Sunnmøre tingrett gjennomførte ny takst etter naturskadelova for dei ulike grunneigarane. Medan lensmannsskjønnet takserte skadane til 1,6 millionar kroner, takserte retten skadane til 1,160 millionar kroner. I tillegg takserte dei mindre sikringstiltak til 30.000 kroner. Den samla taksten vart då 1,190 millionar kroner. Retten påpeika at saksøkte vann saka i det vesentlege, og hadde krav på full erstatning for sine sakskostnader. Statens naturskadefond må difor betale sakskostnadane til Bondalen Elveeigarlag BA på 63.731 kroner inkludert meirverdiavgift. Dette var heller ikkje bestritt av saksøkar.