Politidirektoratet har for første gang gått ut med tal over målt responstid for dei ulike politidistrikta i Noreg. På Sunnmøre er totalt 79 utrykkingar målt. 43 utrykkingar er målt på stadar med meir enn 20.000 innbyggjarar, og resultatet viser at 80 prosent av utrykkingane er framme innan 46 minutt frå politiet har teke imot meldinga og kravet er 20 minutt.

På stadar med 2.000 til 19.999 innbyggjarar ligg politiet godt innanfor kravet. 14 utrykkingar er målt, og åtte prosent av patruljane var framme innan 33 minutt. Kravet er fastsett til 45 minutt.

På stadar med mindre enn 2.000 innbyggjarar var åtti prosent av uttrekkingane framme innan 72 minutt. Kravet er 50 minutt for Sunnmøre politidistrikt, og tala er basert på 22 målingar.

Politidirektoratet understrekar at det er behov for eit større datagrunnlag med mindre uvisse før det vert trekt konklusjonar.

– Det er bra at vi nå har fått på plass målingar av responstid. Det er vår samfunnskontrakt med publikum som seier noko om kor raskt de kan regne med å få hjelp av politiet, seier avdelingsdirektør Kaare Songstad i Politidirektoratet.