Politiet opplyser at ein person vart slått ned på offentleg stad i Volda torsdag kveld. Personen som vart slått ned vart henta av ambulanse og køyrt til Volda sjukehus. Skadeomfanget er ukjent, og gjerningsmannen stakk frå staden. Operasjonsleiar John Bratland ved Operasjonssentralen til Sunnmøre politidistrikt opplyser at gjerningsmannen er kjent for politiet, og at begge som var involvert i hendinga er under 18 år. Det var fleire vitner til hendinga, og politiet etterforskar saka.